Ordnar opp: Ungdomane får ros av campingdrivarane for å ha tatt kontakt.

Campingdrivaren takkar «skikkelege ungdomar»

Sigmund Telnes ved Telnessanden camping i Seljord rosar ungdomane som i går kveld tok kontakt med han og bad om unnskyldning for at dei herja så med stupetårnet at det velta.

– Dette er skikkelege ungdomar med litt maur i blodet, seier Telnes.

I går ettermiddag skreiv VTB om hærverket på stupetårnet. På kvelden fekk campingdrivar Telnes ein telefon frå angrande syndarar. Ungdomane har sagt seg viljuge til å hjelpe til med å få stupetårnet på plass att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er glad for at dei ringde, og vil takke og rose dei for det, seier Telnes.

– Og dei er sjølvsagt hjarteleg velkomne tilbake til Telnessanden, legg han til.