Herværk: Ein ungdomsgjeng herja såpass at stupetårnet har hamna opp-ned i vatnet.

Ber om at ungdomane som velta stupetårnet tek kontakt

Sigmund Telnes ved Telnessanden camping ber ungdomane som tysdag velta stupetårnet tek kontakt.

Det var tysdag ein gjeng på 5-6 ungdomar herja på campingplassen i Seljord. Folk reagerte på bråket. Då ungdomane etter kvart blei snakka til, reiste dei etter kort tid. Etter kvart oppdaga campingdrivarane at stupetårnet ikkje var som det skulle. Det stod rett og slepp opp ned i vatnet med stigen peikande i lufta.

– Dei kan velje mellom å bli meldt til politiet eller ta kontakt med meg, seier ein oppgjeven campingdrivar til ungdomane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spørsmålet er kor billeg eller dyrt dei ynskjer at det skal bli. Om eg må ha maskinentreprenør til å løyse det, kan det bli dyrt, held Telnes fram.

Han kjenner ungdommane av utsjånad og veit også kva bil dei køyrde, seier han.