På Filippinane: Gunhild Dobbe fortel om ein vanskeleg situasjon på Filippinane.

Gunhild Dobbe fortel om ei vanskeleg tid etter vulkanutbrotet på Filippinane: «Det er rørande å sjå korleis folk stiller opp for kvarandre.»

Gunhild Dobbe frå Kviteseid bur tre mil frå Taal-vulkanen på Filippinane. Ho sendte laurdag, via Jostein Gjærum i LB-tur Telemark, denne rapporten:

Alt er på vent. Skulane i Cavite startar opp måndag viss ikkje noko nytt skjer. 500 000 menneske er evakuert frå heimane sine, ingen får vende tilbake ennå. Ein fryktar nye utbrot, jordskjelv og tsunami. Mange har fått øydelagt heimane pga. av jordskjelv og sammenfall av tung oske. Mange har fått øydelagt sine avlingar og sitt livsgrunnlag. Mange har måtte reise frå dyra sine. Dei nesten bokstaveleg slost med politiet for å dra heim og gi dyra mat og vatn. Nokon dyr er evakuert.

Vulkanutbrot

Tusenvis av innbyggarar rundt Manila er evakuert etter at vulkanen Taal byrja å spy ut oske. Styresmaktene fryktar at vulkanen skal eksplodere. Oskeskya er 15.000 meter høy og har stanset flytrafikken til og frå Manila.

Kjelde: NRK

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er surrealistisk å køyre oppover mot vulkanområdet. Der blir det gråare og gråare og til slutt er det ikkje noko grønt å sjå i det heile tatt.

Me har besøkt i alt fire evakueringssentre der folk blir stua tett saman. Ein får tanke om flyktningleir, men dei frys ikkje og det er ikkje krig.

Me har vore der og delt ut diverse effektar som vatn, ulike matvarer, klede, toalettartiklar, liggeunderlag, teppe. Nokon evakueringsentre rapporterast så fulle at dei byrjar å gå tomme for mat. Det er rørande å sjå korleis folk stiller opp for kvarandre. Massevis av frivillige stiller opp og kokar mat på open eld. Mange stiller heimane til disposisjon. Hos nokon er det så fullt at ein knapt kan bevege seg.

På sjukehuset vårt får me inn pasientar frå dei ulike evakueringssentera og dette tærer mykje på eksisterande medisinlager. Dei legane som må jobbe overtid pga. dette, gjer det gratis.

I dag (laurdag) har me vore i Batangas og henta ein familie på 4. Mor og far og to små gutar på 3 og 5 år. Dei er plassert på eit rom i ILP-huset- «ungdomshuset» Mammaen er ein av våre tidlegare barneheimsjenter. Dei har ikkje noko heim meir. Heimen deira var ei Nipahytte som blei knust avoskemasser.

Berre dette nå. Dette er vanskeleg.

Tidlegare var Gunhild Dobbe kommuneoverlege i Seljord. Etter at ho blei pensjonist, oppheld ho seg halve året på Filippinane for å gi helsehjelp til menneske som lever i fattigdom og nød:

Les også
«LIVET BLIR ALDRI SOM FØR»
På Filippinane: Gunhild Dobbe fortel om ein vanskeleg situasjon på Filippinane.
På Filippinane: Gunhild Dobbe fortel om ein vanskeleg situasjon på Filippinane.