Britt Elin Ekre er ein ivrig fuglefotograf. Ho samanliknar kameraet med ei børse. – Ein må få det opp og trekke av i rette augeblikket.

Britt Elin fangar augeblikk i naturen. – Ein må sjå det fine i alt

Britt Elin Ekre meiner både kråker og skjorer fortener merksemd. Med kameraet som fast fylgjesvein fangar ho dei små og store augeblikka i naturen.

Publisert Sist oppdatert

Ein nydeleg, solrik seinsommardag møter VTB Britt Elin Ekre (45) ved Rauland kyrkje. Ho står klar med kamera rundt skuldra og kikkerten i sekken. 

– Me hadde nok sett meir om me hadde reist opp i Raulandsheiane, men me får kanskje sett litt endar og slikt. Det er ei oppleving uansett, smiler ho.

Me vandrar på stranda langs Totak medan ho stadig har eit blikk mot både himmelen og vatnet.

– Kva er det som er der borte da? Eg er ikkje spesialist på ender, det må eg bli betre på, smiler Britt Elin.

Lidenskap for natur og foto

– Det er helst fuglar eg fotograferer, det synest eg er veldig moro, seier ho.

Britt Elin legg til at kameraet også blir med på andre turar og då kan det hende det blir nokre bilete av firbeinte òg. 

– Eg har stort sett med meg kameraet uansett kvar eg er, smiler ho.

Kameraet har blitt ein fast fylgjesvein.

– Til nokon si fortviling kanskje, seier ho og ler. 

– Men ein dag kjem eg til å vera glad for at eg har tatt mykje bilete.

Interessa for fotografering har vore der så lenge ho kan hugse.

– Eg hadde fyrst eit lite «postkortkamera», men då eg fekk mitt fyrste speilreflekskamera med ei skikkeleg linse, då tok det litt meir av, ler ho.

For Britt Elin handlar fotograferinga om mykje meir enn berre bileta. Interessa for dyr og natur har også fylgt henne så lenge ho kan hugse.

– Kombinasjonen av frisk luft, tur og oppleving, i tillegg til den stilla og roa eg opplever, gjev meg veldig mykje, forklarar ho.

– Kombinasjonen av frisk luft, tur og oppleving, i tillegg til den stilla og roa eg opplever, gjev meg veldig mykje, seier Britt Elin.

Føler du at du får fanga augeblikket og kjenslene på kamera?

– Ja, men av og til må ein berre legge vekk kamera, og heller feste det på si eiga minnebrikke, seier ho og peikar på panna si. 

Du blir ganske god på fuglar vil eg tru. Veit du alltid kva du tar bilete av? 

– Nei, ikkje i det heile tatt, ler ho.

Men det er hjelp å få. Ho fortel at ho er med i ei Facebook-gruppe, der ein kan spørje om kva det er, og får raskt svar. Det kan ein også gjere i Artsobservasjonar, som er Noregs største database for registrering av artar. Kven som helst kan rapportere artar og utveksle kunnskap og erfaringar med andre naturinteresserte. 

På rett stad til rett tid

Britt Elin starta med registrering av artar allereie for mange år sidan.

– Det starta med at eg såg ein stor, kvit fugl, ved heimplassen min i Tveiten, som eg aldri hadde sett før. Eg tok bilete av han, og fann ut at det var ei egretthegre. Det er veldig sjeldan å sjå her. Så la eg det inn i databasen. 

Etter nokre års opphald, så oppmoda Kjell Bitustøyl, som har same interesse, henne om å legge inn meir i databasen. 

– Så eg prøvar å bli flinkare til det, smiler ho.

Gjennom heile året blir det lagt inn observasjonar.

Korleis er stoda med artane da?

– Noko går opp og noko går ned. Men eg må seie at det er veldig trist med vipa. Ho har alltid vore her, og i år er det fyrste gongen eg ikkje har sett ho. Det er kjempetrist, rett og slett. 

Plutseleg stoppar Britt Elin opp.

– Kva er det, da?, seier ho og lyfter kameraet og knipsar.

Eit lite blikk på bilete ho nettopp tok, og ho er sikker.

– Det var ei laksand, slår ho fast. 

Litt seinare kjem ein gulsangar fykande over hovudet vårt.

 – Han har eg ikkje sett her før, så det var moro. Det er alltid spennande når ein oppdagar nye artar.

Det er kanskje nokon artar som kjem, som ikkje er like mykje til glede også?

– Det må me kanskje ikkje snakke om, ler ho. 

– Eg synest jo det er moro å sjå dei, men eg skjønar at det kan vera fortvilande for nokon. 

Kva er den mest spesielle arten du har sett her?

– I vår fekk eg fylgje tre kattugler frå dei var små og ikkje flygedyktige, til dei var klare til å forlate reiret. Det var heilt spesielt. Det er berre registrert seks kattugler i rapportane sidan 1967, så det var moro å få fylgje dei opp, seier ho og smiler.

Ho innrømmer at ho gav dei tre kattuglene namn.

– Ein får liksom eit spesielt forhold til dei, seier ho.

Britt Elin er svak for ugler. – Dei er berre så snåle!
Kattugle

Britt Elin fortel at ugler er ein favoritt.

– Dei er berre så snåle, smiler ho. Det er noko spesielt med dei. Eg har fått vore med på ringmerking, og fått halde ei ugle, og det gjer noko med ein, seier ho. 

Men også havørna har gitt henne eit adrenalinkick.

 – Eg såg ho heilt tilfeldig frå stoveglaset. Kameraet ligg alltid framme, så eg fekk tatt bilete. Pulsen steig, for det var fyrste gongen eg såg ei havørn her, og eg måtte dobbeltsjekke før eg trudde det sjølv, ler ho.

Ofte handlar det om å vera på rett stad til rett tid. Men sjølv om ho trekker fram sjeldne opplevingar, synest ho at alt har sin sjarm.

– Alt er flott på sin måte. Det er så mykje ein kan ramse opp, for alt betyr så mykje uansett, seier ho.

Dobbeltbekkasin
Blåstrupe – fjellets nattergal

– Ein må sjå det fine i alt

Me set oss ned ved «Furua» ved Totak og fortset praten. Det tar ikkje lange beita før ein ny fugl fyk over oss.

– Det der var ei strandsnipe! Du ser det på vengene, seier Britt Elin.

Det er tydeleg at ho har peiling.

– Og der kjem ei svale! Fyk dei lågt så blir det dårleg vêr, er det ikkje slik? Det er jo også litt artig, at ein kan føresjå vêr ved å sjå korleis fuglane flyg.

På den vesle beita me har gått langs stranda, har me sett rundt ti ulike artar.

– Det er ikkje verst. Så no er det berre å gå inn på artsobservasjonar og registrere det me har sett i dag, seier Britt Elin.

Det må bli utruleg mange observasjonar i løpet av eit år?

– Det blir mange artar, men også mange som går igjen. Og om eg ser det er kjøttmeis på fuglebrettet tre dagar på rad, så legg eg det ikkje inn, seier ho.

Britt Elin seier det er mange ulike artar i Raulandsområdet, og fortel at ho i vår var på tur i heiane saman med Kjell Bitustøyl, og i løpet av den turen registrerte dei 31 ulike artar.

– Då såg me også småspoven, og den byrjar det å minke på. Det er alltid ei glede når ein høyrer eller ser fuglar det er mindre av.

– Det er alltid ei glede når ein høyrer eller ser fuglar det er mindre av, seier Britt Elin. Her har ho fotografert ein småspove.

Ei heilt vanleg kråke fyk over oss.

– Kråka er jo fin ho også, smiler ho.

Er det nokre fuglar du tenker er undervurdert?

– Skjorene er jo søren meg fine dei også. Dei blenkjer jo! Ein må sjå det fine i alt. Men eg er kanskje litt inhabil, ler ho. Folk er sikkert litt forsynte av måker.

Er det ein fugl du ynskjer å sjå, som du ikkje har sett enda?

Ho tenker seg om. Ho har mange å velje mellom.

– Men pingvinar, veit du! Dei synest eg er tøffe. Men dei ser ein jo ikkje her, ler ho. Det næraste ein kjem er kanskje ein lomvi!

I tillegg trekker ho fram isfuglen.

– Han er mellom anna i Bø, men plutseleg kan han mellomlande her også. Det er det som er litt spennande, at ein ikkje veit kor dei plutseleg dukkar opp. 

Rype
Heipiplerke

Sjelefred

Sjølv om Britt Elin er mest aktiv med både registreringar og fotografering i sommarhalvåret, registrerer ho artar og tar bilete heile året gjennom.

– Det kan bli tøffe bilete med vêr og vind. Men det er ikkje tvil om at det meir behageleg i fint vêr, smiler ho.

Ho legg til at det er viktig å halde fotograferinga ved like og at det er ei treningssak. Ho samanliknar kameraet med ei børse.

 – Ein må få det opp og trekke av i rette augeblikk. Det er ein kunst. 

Kva gjer du med bileta du tar?

– Nokon spør om dei kan kjøpe eit bilete, og det får dei. Og så har eg nokre på veggen, sjølvsagt. 

Ho legg også ut bilete på sosiale medium.

– Men det må vera ein balanse, det må ikkje bli for mykje.

Ho understrekar at ho ikkje gjer detta for å selje bilete.

– Det er ei oppleving og ein veldig fin hobby. Som fleire burde gjera, legg ho til med eit smil. 

Ho fortel at ho gjerne kan sitje lenge på ein stad med kameraet i handa.

– Ein må ha tolmod, men det har eg. Og berre det å kunne setje seg ned og sjå på naturen rundt seg, og plutseleg kjem det nokon dyr eller fuglar – det er sjelefred.

Ho seier det er moro når det klaffar og ho får eit blinkskot. 

– Men ein kan gå tomhendt heim også, men det går ikkje an å vera skuffa. Det er alltid noko bra med turen uansett, smiler ho.

Flaggspett
Stjertmeis

Livslang hobby

Britt Elin er mykje på tur aleine, men er også med i gruppa BirdLife Telemark. Dei har mellom anna samlingar rundt om i regionen. To år på rad har dei hatt samling i Rauland.

– Det er moro å treffe likesinna, for det er ikkje så mange eg veit om som har denne interessa.

Ho understrekar at dette er ein hobby for folk i alle aldrar, og at det er ein hobby du kan ha heile livet.

– Ein blir aldri ferdig utlært, heldigvis! Det er stadig noko å lære, og ein lærer mykje av kvarandre. Det kan anbefalast til alle, seier ho. 

Ein treng heller ikkje å reise langt for å få dei fine opplevingane. Det er nok med å mate på fuglebrettet.

– Om du ser ein fugl, så er det berre å logge seg inn på artsobservasjonar, og legge inn det du har sett. All observasjon er bra observasjon, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS