
Fekk fanga den myteomspunne fuglen. Nå skal dei fylgje med på korleis den lever livet sitt
Det er ikkje så ofte ein ser dobbeltbekkasin. Bestanden har gått kraftig ned dei siste hundre åra. Nå har Frode Falkenberg ringmerka tre hekkande fuglar på Hardangervidda, og skal følgje med på korleis dei lever livet sitt.
– Dobbeltbekkasin er ein myteomspunne fugl, seier Frode Falkenberg som er seniorrådgjevar i Birdlife Noreg.
Han fortel at fuglen var vanlegare før, men at ein nå må til fjells for å sjå den. I Europa er bestandane nesten forsvunne. Og i Noreg er arten nær trua.
Førre helg var Falkenberg på Hardangervidda for å leite etter dobbeltbekkasin. Målet var å ringmerke fuglar for å samle meir informasjon om arten.
550 mil i ein jafs
Forskaren veit kor han skal leite. Dobbeltbekkasinen trivst best i fjellet, i rike bakkemyrar som er vendt mot sør.
– Ofte slike plassar der snøen går først på våren, fortel Falkenberg.
På vinteren er dobbeltbekkasinen i Afrika, men i mai flyg den tilbake til Noreg.
– Og den tek gjerne heile trekket i ei etappe, fortel Falkenberg.
Før den reiser et den seg godt opp slik at den skal klare heile turen utan stans. Så flyg den 550 mil i ein jafs, på 64 timar. Det vil seie ein gjennomsnittsfart på 90 kilometer i timen.
Vel framme i Noreg er det klart for leik. For dobbeltbekkasin er ein leikart på same måte som tiur og orrfugl. Kvar vår samlar hannane seg på nøyaktig den same staden, gjerne i eit vierkratt, som dei har gjort i fleire hundre år.
Og i år fekk Falkenberg filma dobbeltbekkasinleiken.
Dobbeltbekkasinleik på Hardangevidda filma av Frode Falkenberg.
Merka fugl
Saman med ein kollega fekk han også fanga ein dobbeltbekkasin, i eit spesialdesigna nett. Så merka dei den med ein metallring og utstyrte den med ein satellittsendar. Totalt har forskarane nå fanga tre hannar som flyg rundt i Øvre Telemark.
– Og nå følgjer me med kvar dag når me får dataleveranse frå satellitten, fortel Falkenberg.
Målet er å få meir kunnskap om arten.
– For det er mykje me ikkje veit, seier forskaren.
Han meiner blant anna det er viktig å få kartlagt leikplassane. For mange av desse ligg i område som også kan vere interessante for dei som ynskjer seg hytte i fjellheimen.
– Det har nok ryke ein del leikplassar for dobbeltbekkasin på hytteutbygging, seier han.

Forskaren meiner at naturen i fjellet er langt meir sårbar enn den ved kysten. Og han ser at det er ein nedgang i fleire fugleartar på Hardangervidda. Falkenberg meiner det er fleire årsaker til det, han nemner klimaendringar, nedgang i insekt og nedbygging av natur.
Den lokale Birdlife-organisasjonen hadde også samla seg til fuglehelg den same helga. Dei fekk blant anna høyre foredrag og var også ute for å registrere fugleartar, både på Hardangervidda, og i områda rundt Rauland og Møsvatn.
– Og til saman registrerte me nå 60 ulike artar, fortel leiaren av Indre Telemark Birdlife, Kjell Bitustøyl.