Brannalarmen gjekk på skulen

Ingen blei skadd. Alle er evakuerte ut av Åmot skule.

Naudetatane rykte ut då det blei meldt at brannalarmen var uløyst på barneskulen i Åmot. Det skal ha vore noko røyk frå ein elektrisk omn, melder politiet.

– Ingen blei skadd og alle er evakuerte ut av skulen, skriv dei på X/Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt seinare skriv politiet at årsaka til at brannalarmen har gått skal vera ein lite papirbit som låg bak ein panelomn. Papirbiten hadde ikkje brunne heilt opp. Det har ikkje vore opne flammer. Brannvesenet har avslutta på staden.