Landstreff i Vrådal

Nærbilete av framgrillen på ein kvit Saab med «turbo»-merke.
Saab Turbo Club of Norway blei i hovudsak stifta med hjarte for nyare Saabar med turbomotor.

Bilmerket som nektar å døy

Sjølv om Saab blei erklært konkurs i 2011 lever både bilar og entusiastar i beste velgåande. – Alle her vil ha flest mogeleg Saab-ar på vegen, seier Christian Wærpen, leiar i Saab Turbo Club of Norway. Førre helg arrangerte dei landstreff i Vrådal.

Publisert

Bilmerket som for lengst er ute av produksjon er framleis å sjå langs norske vegar, og kanskje meir enn vanleg i Vest-Telemark førre helg. Saab Turbo Club of Norway har arrangert landstreff rundt om i heile Noreg, og i år landa dei på flyplassen i Fyresdal og Straand Hotel i Vrådal.

Femner ungdomen

Saab Turbo Club of Norway blei stifta ned hjarte for dei nyare Saab-modellane, ikkje berre dei klassiske veteranane. I dag har klubben rundt 540 betalande medlem frå heile landet, og 8000 medlem i sosiale medium. Sekretær Terje Furu meiner klubben i større grad trekkjer til seg ungdomen enn den meir kjende Saabklubben Gamlesaabens Venner. 

Ein mann står ved ein sølvfarga kabriolet med fjell i bakgrunnen.
Sekretær Terje Furu med sin Saab 9–3 Viggen Convertible, ein ettertrakta samlarbil.

– Her er det meir opent for å rigge Saaben slik ein sjølv ynskjer, og ikkje naudsynt ha ting så originalt som mogeleg slik det oftare er i veteranklubbar, seier Furu. 

To av dei på plass denne dagen var Simon Kjellvik-Skipar (13) og faren Richard Kjellvik. Kona Kristin Skipar frå Vrådal blei att på Vrådalsdagen for å treffe gamle kjente. 

– Då klaffa det perfekt for oss å kome hit med Saaben imens, seier Kjellvik som meldte seg inn for tre veker sidan for å få eit nettverk med hjelp til å ta vare på Saaben sin. 

Simon tel ned til han kan setje seg bak rattet sjølv. 

– Det blir i 2031, gliser han, og viser fram eige Saab merch han har laga på internett. 

To personar står framfor ein parkert bil utandørs.
Magnus Hatteland (26) og Ronje Hatteland (25) frå Stavanger med sin Saab 9000 frå 1985, den eldste på plassen i dag.
Ein mann står ved ein motor på ein tilhengar utandørs.
Gabriel Oprea frå Enebakk er raskast til å skifte tennpluggar tredje år på rad.
Innsida av same Saab 9000.
Nærbilete av eit bilhjul med sølvfarga felg og raud bilkarosseri.
Med stilige Saab-felgar.
To personar står ved ein raud bil på ein parkeringsplass med fleire bilar og fjell bak.
Richard Kjellvik og Simon Kjellvik-Skipar droppa Vrådalsdagen for å bli med på Saab-treff.
To personar står ved ein raud bil på ein vegplass med fjell i bakgrunnen.
Marius Strand Johansen (21) og Malena Geoghegan (21) frå Bergen er på landstreff for fyrste gong med sin arva Saab 9000 Aero frå 1997.

Frå Bodø og Hamburg

Mange hadde reist langt for å kome til Vest-Telemark på Saab treff. 

Joachim Becker (53) kom eins ærend frå Hamburg i Tyskland men sin sjeldne 9-4X, den aller siste Saab-modellen.

– It is the best car. 

Hage you tried the speed today? 

9-4X , den aller siste Saab-modellen
Eigaren er Joachim Becker (53), som har reist eins ærend frå Hamburg.

– Many times. 

Ein skulle tru tyskaren var den som hadde reist lengst, men vegen til Hamburg er kort samanlikna med køyreturen til Kurt Otto Moen frå Bodø. Han har køyrt utelukkande Saab heile livet, i dag ein Saab 9–5 Aero frå 2004. 


Vil ha flest mogleg Saab-ar på vegen

Då det etter kvart er vanskeleg å skaffe Saab-delar og service på dagens verkstader er det mange bileigarar som finn hjelp i sosiale medium og klubbar. På Facebooksida til STCN kan ein av dei 8000 medlemmane rope ut om hjelp.   

– Det er mange fine historier om folk som har kasta seg rundt og køyrt langt for å redde ein Saab-ven i naud, smiler leiar for klubben Christian Wærpen.

– Alle her ynskjer flest mogeleg Saab-ar på vegen, ikkje berre sin eigen. 

Mann står ved ein sølvfarga bil på ein parkeringsplass.
Kurt Otto Moen (69) har køyrt heilt frå Bodø i sin Saab 9–5 Aero frå 2004.

I tillegg til fartskøyring på flyplassen i Fyresdal laurdag hadde klubben båttur med MS Fram på fredag og køyretur til Z Museum i Nissedal på sundag. Arrangørane seier det har vore upåklageleg, og at dei gjerne kjem attende. 

Ei rad parkerte bilar på grusplass ved tre og grøntområde.
Saab Turbo Club of Norway pryda parkeringane på Straand Hotel i Vrådal denne helga.
Bakrute med tekst om Landstreff Vrådal 2026.
Det er naturlegvis eigne klistremerke for årets treff i Vrådal.
Fire menn i blå skjorter ved ei golfbane, med to sitjande og to ståande.
Styret i Saab Turbo Club of Norway er nøgd med årets lokasjon, og er ikkje i tvil om at landstreff kan bli lagt til Vrådal fleire gonger.

Kort om Saab

Saab (Svenska Aeroplan Aktiebolaget) blei grunnlagt i industribyen Trollhättan i Sverige i 1937 for å bygge militærfly. I 1939 blei selskapet slått saman med ASJA (Aktiebolaget Svenska Järnvägsverstädernas Aeroplanavdeling) i Linköping. I 1945 blei det bygd ut underjordisk produksjonsanlegg i Linköping som blei hovudkvarteret, og dessutan produksjonsavdelingar i Jönköping, Trollhättan og Göteborg. Same år blei bilmerket Saab starta, og bar i starten preg av å vera konstruert av flyingeniørar. 

Bedrifta vaks raskt og i 1968 overtok dei Malmö Flygindustri. Året etter blei Saab og lastebilprodusenten Scania-Vabis slått saman til Saab-Scania. Personbilproduksjonen blei i overgangen 1989/1990 skilt ut som eige selskap, Saab Automobile, med amerikanske General Motors som deleigar, men innan 2000 eigde GM heile sulamitten. I 2010 blei merket selt vidare til nederlandske Spyker Cars, men berre året etter i 2011 blei Saab Automobile AB erklært konkurs. Store delar av eigedelane blei kjøpt av svensk-kinesiske NEVS (National Electric Vehicle Sweden AB) med mål om å vidareutvikle elektriske bilar frå fabrikken i Trollhättan. NEVS sine planar gjekk ikkje som planlagt, og det blir ikkje produsert bilar i dag. Kanskje er noko av grunnen at med alt dei overtok så følgde ikkje lisensen til varemerket Saab. Namnet og logoen var aldri eigd av Saab Automobile, men Saab AB.

Den andre sida av Saab historia gjekk derimot vidare. Saab-Scania splitta opp att i 1995 til Saab AB og Scania AB. Saab kjøpte i 1999 forsvarskonsernet Celsius AB, og same år blei det avgjort at Saab skulle stoppe produksjon av sivile fly. I 2014 kjøpte Saab TKMS AB (ThyssenKrupp Marine Systems) som fekk namnet Saab Kockums. Med dette kunne Saab også levere marine forsvarsløysingar. 

Det som starta som eit flyselskap under 2. verdskrig har hatt ei lang reise. Saab AB er i dag ikkje lenger eit konsern for personbilar, fly og lastebilar, men eit reint forsvars- og sikkerheitsteknologiselskap som ifølge eiga heimeside leverer høgteknologiske system både over og under vatn. Tal frå heimesida viser ein sterk økonomisk vekst dei siste fem åra, med ein firedobling i ordreinngang frå 2021 til 2025. Likevel er det mykje trivelegare å tenkje på dei gamle bilane når ein høyrer namnet Saab, og ikkje dei nye torpedoane på verdsmarknaden. 

Kjelde: Store norske leksikon

Powered by Labrador CMS