Inviterer til Saab-treff i Åmot for tiande gong

Joar Breivik (69) mellom Saabane i tunet i Skafså.

Joar håpar å få Saab-skatten klar til gullbryllauspfeiringa. – Eg kjem meg inn, men snart ikkje ut att

Joar Breivik (69) frå Skåfså har tatt fram Saab-bilane for sommaren. 

Publisert

Joar Breivik kjøpte sin fyrste Saab 96 med V4-motor i 1983. Då bilen blei sett bort etter havari i 1985 mista han interessa i mange år fram til han kjøpte ein Saab 9-3 i 2012. No er både han og kona Unn aktive i Saab-miljøet og deltek på ulike treff i heile landet.

Lågskuldra treffpunkt

Etter å ha vore medlem i klubben Gamlesaabens Venner (GSV) Vestfold og Telemark ei stund irriterte Joar Breivik seg over at nesten all aktiviteten var i Grenland og Vestfold. Saman med kona Unn og kompisen Sigfred Nesheim inviterte han til eit møte på kroa i Høydalsmo for å sjå om nokon var interesserte i å starte ein klubb for midtre- og øvre Telemark. 

– Det var mange frammøtte, og me bestemte enkelt nok at den som hadde lyst til å halde treff kunne invitere. Me er ikkje så formelle, og har ikkje kontingent og styre og slikt, smiler Breivik. 

Fyrste treff var på Groven Camping i Åmot i 2016. Sidan har det blitt eit årleg arrangement. Denne sommaren er det 10-årsjubileum 31. juli til 2. august. 

– Etter tradisjonen skulle me hatt det helga etter, men den var alt booka av Telemark Elghundklubb. 

– Ja dei ville eg ikkje ha krangla med her i Vest-Telemark … 

– Nei, ler Breivik. 

Planen for helga er lågskuldra framvising av bilar, sosialt samvær, sal og byting av deler, køyretur til Mjonøy og middag med levande musikk på Groven Camping.

Mann ved bord med laptop, notatblokk og mobil utandørs.
Joar Breivik har blant anna vore tunnelarbeidar og ambulansesjåfør. På PC-en har han oversikt over alle bilane han har eigd.

Gammalsaabens Venner (GSV) blei stifta i 1977, i hovudsak for å sikre delar og skape eit nettverk rundt dei gamle Saab-modellane med totaktsmotor. Sidan har klubben utvida litt og litt, fram til dei i dag er ein klubb for alle med hjarte for Saab av alle slag. Klubben har bygd opp eit stort delelager som er tilgjengeleg for medlem.

Ikkje noko nytt med campervan

No på sommaren er det flust av bubilar, men kanskje i like stor grad av vanlege bilar bygd for soving. Trenden er absolutt ikkje ny, for av Saabane på tunet i Skafså, stasjonsvogn 95 frå 1968, legg til rette for nettopp familieliv og bilferie. Den klassiske sjusetaren var det kona Unn som kapra etter eit treff i 2014. 

Bakruta på ein beige bil er dekt av mange fargerike klistremerke.
Den gamle Saaben er pryda med klistremerke frå treff i både Sverige og Noreg.

– «Den vil eg ha» sa ho, og slik blei det, seier Breivik.

Baki har dei ein original luftmadrass til bilen. Ja, dei har generelt ein del veteran-campingutstyr også. Seinast førre helg var paret på veterancamping-treff og sov baki den gamle Saaben. 

Klassisk bil med open bakluke og blått interiør.
Bilferie er ingen ny ting, og den gamle Saaben kan legge ned alle sju seter, her med original sovemadrass.

Medan Unn køyrer sin 95 på treff kjem Joar med ein av dei to andre saabane på plassen. «Sommarbilen» er ein Saab 9–5 Griffin med V6-motor frå 2001 medan den litt nyare «vinterbilen» er ein 9–5 frå 2004. 

SAAB-merke ligg på eit bord med hanskar, papir og plastposar.
I garasjen ligg det strødd Saab-artiklar.

– Du veit at dei prøvde å lage Saab med V8-motor i Finland?, spør Breivik og legg ut om legenda om V8-motoren som aldri blei sett i produksjon. Som mange Saab-entusiastar skuldar han i hovudsak på amerikanske General Motors, som kjøpte seg inn i Saab rundt 1990. 

Innvendig i bil med knust frontrute og utløyst kollisjonspute.
I vinter-saaben er det ein fuglefigur laga av eit barnebarn. – Den er alltid med meg, seier Breivik.

– Spesielt etter 2005 blei det dårlegare lakk, ja dårlegare allting eigentleg, seier Breivik og ristar på hovudet. 

Sportsleg gullbryllaup?

Den største Saab-skatten til Breivik er nok ein gul Saab Sonnett frå 1973. Håpet er å få bilen i stand innan 18. februar 2028, då feirar Unn og Joar gullbryllaup.

No står han i garasjen til son og barnebarn som var interesserte i å hjelpe, og Joar håpar at dei kan få det til trass i travle liv og førstegongsteneste. Tosetaren med «tønnesete» er jo ikkje ein bil som blir betre eigna for paret med tida. 

– Eg kjem meg inn, men snart ikkje ut att, smiler Joar. 

Sonnett-modellen blei i hovudsak bygd for den amerikanske sportsbilmarknaden, og det finst få eksemplar av han i Skandinavia. 

Gul sportsbil står stroppa fast på ein bilhengar.
Dette gliset har stått i garasjen til Joar i årevis. Håpet er å få han klar til gullbryllaupet om eit og eit halvt år.

Kort om Saab

Saab (Svenska Aeroplan Aktiebolaget) blei grunnlagt i industribyen Trollhättan i Sverige i 1937 for å bygge militærfly. I 1939 blei selskapet slått saman med ASJA (Aktiebolaget Svenska Järnvägsverstädernas Aeroplanavdeling) i Linköping. I 1945 blei det bygd ut underjordisk produksjonsanlegg i Linköping som blei hovudkvarteret, og dessutan produksjonsavdelingar i Jönköping, Trollhättan og Göteborg. Same år blei bilmerket Saab starta, og bar i starten preg av å vera konstruert av flyingeniørar. 

Bedrifta vaks raskt og i 1968 overtok dei Malmö Flygindustri. Året etter blei Saab og lastebilprodusenten Scania-Vabis slått saman til Saab-Scania. Personbilproduksjonen blei i overgangen 1989/1990 skilt ut som eige selskap, Saab Automobile, med amerikanske General Motors som deleigar, men innan 2000 eigde GM heile sulamitten. I 2010 blei merket selt vidare til nederlandske Spyker Cars, men berre året etter i 2011 blei Saab Automobile AB erklært konkurs. Store delar av eigedelane blei kjøpt av svensk-kinesiske NEVS (National Electric Vehicle Sweden AB) med mål om å vidareutvikle elektriske bilar frå fabrikken i Trollhättan. NEVS sine planar gjekk ikkje som planlagt, og det blir ikkje produsert bilar i dag. Kanskje er noko av grunnen at med alt dei overtok så følgde ikkje lisensen til varemerket Saab. Namnet og logoen var aldri eigd av Saab Automobile, men Saab AB.

Den andre sida av Saab historia gjekk derimot vidare. Saab-Scania splitta opp att i 1995 til Saab AB og Scania AB. Saab kjøpte i 1999 forsvarskonsernet Celsius AB, og same år blei det avgjort at Saab skulle stoppe produksjon av sivile fly. I 2014 kjøpte Saab TKMS AB (ThyssenKrupp Marine Systems) som fekk namnet Saab Kockums. Med dette kunne Saab også levere marine forsvarsløysingar. 

Det som starta som eit flyselskap under 2. verdskrig har hatt ei lang reise. Saab AB er i dag ikkje lenger eit konsern for personbilar, fly og lastebilar, men eit reint forsvars- og sikkerheitsteknologiselskap som ifølge eiga heimeside leverer høgteknologiske system både over og under vatn. Tal frå heimesida viser ein sterk økonomisk vekst dei siste fem åra, med ein firedobling i ordreinngang frå 2021 til 2025. Likevel er det mykje trivelegare å tenkje på dei gamle bilane når ein høyrer namnet Saab, og ikkje dei nye torpedoane på verdsmarknaden. 

Kjelde: Store norske leksikon

Dei gamle Saabane

Saab 92 (1949)

Den fyrste serieproduserte Saab-bilen, utvikla av ingeniørar med bakgrunn frå flyindustrien. Framhjulsdrift og tosylindra totaktsmotor.

Saab 93 (1955)

Saab 93 fekk ein tresylindra totaktsmotor og markerte starten på Saab si sterke satsing på motorsport. Med førarar som Erik Carlsson blei modellen kjend gjennom gode resultat i internasjonal rally.

Saab 95 (1959)

Saab 95 var ein stasjonsvogn utvikla med tanke på familiar og praktisk bruk. Dei fyrste utgåvene var sjusetar, som den Joar og Unn brukar til camping. Modellen hadde fyrst totaktsmotor, deretter V4 motor frå Ford. 

Saab 96 (1960)

Saab 96 var også opphavleg levert med totaktsmotor, men frå 1967 fekk også han V4-motor. Modellen fekk stor suksess i internasjonal rally og blei ein av dei mest populære modellane. 

Saab Sonett (1956)

Sonett var Saab sin sportsbil, utvikla i tre hovudversjonar. Modellen blei særleg eksportert til USA og er i dag ein ettertrakta samlarbil. Det er ein slik Breivik ynskjer å få i stand til gullbryllaupsdagen med Unn.


Powered by Labrador CMS