Informerte: Anne Ruth Syrtveit Mikalsen informerte kommunestyret om beredskapen i kommunen i ljos av korona-viruset.

Ber folk med luftvegsinfeksjonar halde seg unna omsorgssenteret

Kommuneoverlege Anne Ruth Syrtveit Mikalsen i Kviteseid er redd for kva som skjer om Koronaviruset kjem til Kviteseid omsorgssenter (KOS).

– Me er redde for å få smitten inn på legesenteret, og me er livredde for å få den inn på KOS. KOS er der dei sjukaste i kommunen er. Der vil me ikkje ha det, sa Mikalsen då ho torsdag informerte kommunestyret i Kviteseid om smittevernplan og pandemiplan.

Kommuneoverlegen sa at folk med luftvegsinfeksjonar blir oppmoda om å ikkje besøke nokon på KOS eller Lundenjordet, men at det finst unntak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På KOS har me folk som ligg for døden og då kan me ikkje seie til pårørande at dei ikkje kan kome på besøk, sa Mikalsen.

KOS: På KOS er dei sjukaste pasientane i kommunen. Derfor er det no strenge hygienereglar.

Ho fortalde då at ein må varsle på førehand om at ein er forkjølt. Når ein kjem vil ein bli møtt utanfor KOS og få munnbind og sprit på hendene. Ein må også gå med hendene på brystkassa og får ikkje røre dørhandtak og liknande, og blir ført inn på rommet og geleida ut at etter besøket.

– Så strenge og rigide reglar må me ha, sa kommuneoverlegen.

Ikkje på legekontoret

Tilsette har fått beskjed om strengare handhygiene og om å bruke sprit på dørhandtak, tastatur og liknande.

Heimesjukepleia har instruks om å sprite ratt, girspake og dørhandtak etter bruk.

Ho sa også at dei må gjera mykje for å unngå at smitten kjem inn på legekontoret. Folk som trur dei er smitta får heimebesøk av helsepersonell i smittevernutstyr som tar prøve, eller i eigen bil utanfor legekontoret.

Kommuneoverlegen fekk spørsmål om korona-viruset samanlikna med vanleg influensa.

– Nokon samanliknar det med influensa, og ein lett smitta koronapasient har slike symptom. Men dei som er alvorleg smitta hamnar på respirator. Det finst ikkje vaksine, slik det er med influensa. Ein vanleg influensa har alle opparbeida ein viss imunuitet mot, svara Mikalsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den vanlege borgar vil ha lette symptom, men me må beskytte dei som ikkje vil tole det, la ho til.

Halde heime

Mikalsen fekk også spørsmål om kva informasjon skulane har fått, og svara at ho vil ha eit møte med leiarane i skule og barnehage til veka. Det er også sendt ut informasjon frå sentralt hald.

– Om nokon har teikn til smitte skal barna haldast heime. Nokon lurar kanskje på kvifor ikkje skular og barnehagar blir stengt, men om me skulle gjort det ville det bety at alle foreldra måtte vera heime frå jobb. Kva då med dei som bur på KOS eller for dei som treng heimehjelp, forklara Mikalsen.

– Det går ikkje, svara ho sjølv.

Kommunestyret vedtok i torsdagens møte smittevernplan og pandemiplan. Den fyrste omhandlar korleis ein handterer eit smittetilfelle i kommunen. Pandemiplanen seier noko om korleis ein handterer ein infeksjon som går fort utover store området og store befolkningsmengder. Det er også utarbeida ein kontinuitetsplan om korleis samfunnet blir oppretthalde ved ein alvorleg situasjon.

– Om sjukefråværet i viktige stillingar blir på 40 prosent har ein lyst til å rømme. Derfor treng me ein plan om kvar me kan hente inn folk og omprioritere. Kva ressursar har me som ikkje er tilsett? Har me pensjonistar som kan kome tilbake i jobb eller ferievikarar, skisserte kommuneoverlegen, og la til at dette gjeld alle viktige jobbar, som brøyting, vatn og kloakk, sjukeheim, legekontor, skule, barnehage eller Kiwi.

– Me treng alle funksjonane, sa Mikalsen.

Les også
Kommuneoverlegens råd for å hindre spreiing av koronaviruset