– Stopp nå: Bjørn Arne Lindskog (H) bad om at arbeidet med femdagarskule blei stoppa.

Bad om at femdagarskule-planane blei stoppa

Bjørn Arne Lindskog (H) meinte ein burde høyre på dei spurde og avslutte saka om femdagarskule i Vinje alt nå, men fleirtalet vil fullføre arbeidet som er starta.

Vinje-administrasjonen har frå nyåret arbeidd med å sjå på ein eventuell femdagarsskule på mellomtrinnet. Det var Kari Omdal Tveito (SV) som i desembermøtet i fjor fekk med seg størstedelen av kommunestyret (21 mot 4 røyster) på det.

Då ynskte fleirtalet femdagarsskule alt frå hausten 2021. Det er ikkje realistisk, og rådmannen har bede om meir tid. Saka kan tidlegast koma til politisk handsaming hausten 2021, og dermed eventuelt fyrst bli ein realitet i skuleåret 2022/2023.

Artikkelen held fram under annonsen.

Administrasjonen har gjennomført ei spørjeundersøking blant alle foreldre i Vinjeskulen. Nesten 70 prosent har svara at dei ynskjer å halde fram med dagens skuledagordning. FAU på dei fire skulane er delte i spørsmålet.

Bjørn Arne Lindskog (H) var klar på at prosessen burde bli avslutta nå.

– Kvifor arbeide med ei sak borti 70 prosent ikkje ynskjer? spurde han, og kom med framlegg om å avslutte saka og halde fram med ein fridag for elevane på mellomtrinnet.

Seks representantar røysta på framlegget til Lindskog: Kjetil Nessæther (Sp), Aslak Ofte (Sp), Svein Henry Ekre (Ap), Arne Skogheim (H), Halvor Lognvik (Frp) og Lindskog sjølv.

Fleirtalet meinte det var for tidleg å konkludere.

– Det er sløsing med ressursar å vrake arbeidet som er gjort, meinte Asbjørg Neset (Sp).

Fleirtalet fylgde tilrådinga frå oppvekst- og velferdsutvalet om å bruke tid på utgreiingsarbeidet.