Avinor vurderer å stenge norske flyplassar

Stenging av flyplassar er blant tiltaka Avinor vurderer under koronakrisa.

Førebels er det ikkje avgjort kva flyplassar som eventuelt kan bli stengde, seier Avinors pressekontakt til NTB. Tiltaket står berre på ei liste over ting Avinor kan gjere for å kjempe mot smittefaren. Det er heller ikkje lagt ein plan for når desse tiltaka kan bli sette i verk.

Til NRK seier Avinor-direktør Dag Falk-Petersen torsdag at det kan bli aktuelt å stenge fleire norske flyplassar, og dessutan ein rullebane på Gardermoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)