Atomkonfirmanten Olav (89) hugsar godt det fyrste spørsmålet frå presten - det handla om drap
– Han spurde kva for dyr som drep flest menneske. Eg svarte tiger eller løve, trur eg, ler Olav T. Haugo.
89-åringen stod konfirmant hausten 1950, og det var smekkfullt i kyrkja då dyrespørsmålet kom.
– Det var mange som ville høyre kva konfirmantane kunne, veit du.
Verken Olav eller dei 17 andre som konfirmerte seg i Mo denne oktoberdagen for 75 år sidan visste at malariamyggen var den verste drapsmaskina i dyreriket, men dei fleste spørsmåla i konfirmasjonen dreia seg ikkje om slikt. Dei handla om det konfirmantane hadde lært på konfirmantsamlingane som dei hadde hatt med presten så å seie kvar måndag frå starten av mai og fram til konfirmasjonen den 15. oktober.
– Me hadde fri éin måndag i juli, for då hadde presten ferie, minnest Olav.
Presten, Olav Gravir, gav mykje lekser også. Kvar veke måtte dei lære eit langt salmevers utanåt, og dei måtte pugge Luthers forklaringar om tru og dei ti boda, fortel Olav medan han auser opp lapskaus på tallerkenen sin. Me sit ved eit langbord i Mo grendehus, og rundt oss summar det i mange stemmer. Ingebjørg, som stod konfirmant med Olav, er her, og årets gullkonfirmantar, som stod for presten i 1975, er også på plass. Det er også gullkullet frå i fjor og føråret, pluss dei som var gullkonfirmantar i 2018. Med ein prest, ein organist, ei sangerinne og eit sokneråd attåt er festsalen nesten like smekkfull som konfirmasjonsmessa i 1950.
Bot og bøner
Det har vore messe i dag også – alle starta feiringa med å delta på ei vakker bots- og bønedagsmesse i kyrkja rett nedanfor grendehuset. Nå er det feiring med mat og kake, og Olav sender lapskausbollen vidare til dagens sokneprest Hallvard Jørgensen. Sidan «Luthers forklaring» er ukjend stoff for bladfyken, høyrer me med soknepresten om dette er noko han har pugga.
– Nei, den er det lenge sidan eg har lest, eg burde nok friske den opp, ler Hallvard.
Det er rart å tenke attende på tida som har gått, synest Olav. Då han var konfirmant, budde det like mange på bygda som i byane i Noreg. Nå har vektskåla tippa så dei fleste bur i byane og distrikta er temmeleg tynt befolka. Olav håpar dette vil snu.
– Det er godt å bu i distrikta, og byane er store nok. Det er godt for folk å bu litt romslegare.
Sleit ut eit par prestar
1968-kullet sit ved neste bord, og Anne Lise Kollberg minnest godt konfirmasjonstida.
– Presten var veldig snill, men me var nok ikkje så snille, for me bytta prest 2–3 gonger før me blei konfirmerte.
Den gongen var seremonien ein milepåle, for då du var konfirmert kunne du på fest. Det var stor stas å kunne reise på fest i Åmot, Høydalsmo og Fyresdal og danse rock, swing, jenka og gamaldans til levande musikk. Banda var henta inn frå til dømes Skien, Porsgrunn eller Rjukan, og dei skulle ha betalt. Dermed kosta det mykje å reise på fest.
– Det var veldig dyrt, det kosta åtte kroner, fortel Anne Lise. Ho brukte å få ti kroner av far sin når ho skulle på fest. Då hadde ho nok til ei brus også – for det var brus det gjekk i for hennar del, forsikrar Anne Lise.
–I alle fall dei fyrste par åra.
Jakta i staden for å pugge
1973-kullet hadde ein prest med sans for tilpassa opplæring.
– Teoretiske fag var ikkje noko for meg. Eg er ein praktikar, fortel Kjell Nordbø. Han fekk stort sett reise på jakt når det var konfirmasjonsundervisning.
– Og så måtte eg fortelje frå det på neste samling. Han lika at eg fortalde, seier Kjell. Heile kullet hans er samde om at presten dei gjekk til, Alf Birkeland, nærast var for ei rockestjerne å rekne. Han hoppa i fallskjerm, og hadde køyrd rally.
– Det var ikkje mange som drog handbrekksladd med Saaben slik Alf gjorde, ler Kjell.
Banna gjorde han også, og Kjell og gjengen hugsar godt ei varm undervisningsøkt der dei hadde glaset ope og ungar bråka utanfor. Alf hogg til og banna, og ungane skvatt skikkeleg.
– Folk likte Alf. Han fekk med seg folk. Same kva han sa, så gjorde me det, seier Kjell. Og også han hugsar spørsmålet han fekk frå presten då han stod til konfirmasjonen.
– Han spurde om ingrediensane i brød. For det visste han at eg kunne.