Full fest i skumhavet
Sjenansen hos tretten-fjortenåringane forduftar når skumkanonen kjem på. Då er det null problem å fylle dansegolvet – eller skal me seie dansebassenget?
Det har etter kvart blitt tradisjon med konfirmant-kickoff i Husdyrhallen i Seljord, og laurdagskvelden fyller lokalet seg med spente ungdomar. Det er 334 påmelde, og kvar og ein blir nøye registrert før dei slepp inn på festen.
Kvelden startar temmeleg roleg. Det er fullt lys og glissent på betonggolvet nede i hallen – dei fleste konfirmantane vil helst sitje oppe på galleriet med sine venegjengar. Ved eit bord finn me seljordsjentene Anne, Ingrid, Nora og Nora. Dei har valt kristeleg konfirmasjon fordi det kjennest meir rett enn borgarleg. Nokon prest har dei rett nok ikkje, fortel jentene, men dei har ein diakon.
– Kva er ein diakon, då?
–Null peiling!
Opningsshow og luftleiker
Jentegjengen og alle dei andre på galleriet må plutseleg opp og stå. Så blir dei gjett ned på betonggolvet til opningsshow, og nå begynner stimen i hallen å minne meir om ein god dyrskulaurdag. Alle ropar namnet sitt i kor, ungdomsleiarane til Ønsket og Elsket tek ein dans og ein leik, og så blåsast diverse luftinstallasjonar opp.
I ein luftfylt bane tek Audun Lindskog frå Edland løpefart for å score eit basketmål – men han er festa til ein sele med ein kraftig strikk som slenger han bakover viss han spring for nær.
Dei meir voldsomme aktivitetane er ikkje aktuelle for fyresdølen Simon, som har brote lårbeinet og går med krykker. Han og sambygdingen Elian synest det er spanande å vere konfirmantar.
– Det skjer jo berre ein gong i livet. Og det er jo ein overgang, seier gutane.
Køyr skumfest!
Når VTB kjem attende på slutten av festen er det meste av avmålt sjenanse fordufta. Lysrøra er erstatta av diskolys, musikken dundrar og i eit digert basseng hoppar og dansar haugevis av ungdomar i eit hav av skum. Det barnlege og leikne med badeskum ser ut til å ha ein liknande effekt på stemninga som rusmiddel kan ha på andre festar – det fjernar hemningar og gjer at det er ufarleg å danse hemningslaust med kjende og ukjende.
Når siste sangen blir annonsert er bassenget fylt til brestepunktet og stemninga står i taket. Så kjem lyset på og ungdomane blir spylt og går inn i garderobeområdet for å skifte medan ungdomsleiarane tømmer skumbassenget med sørlandsskuffer. Konfirmantane kjem ut av skumhavet dryppande våte med auge raude av såpeskum, og alt av sminke og hårsveisar har gått rett vest. Og kanskje nettopp det er poenget med skummet. På same måte som den kvite konfirmantkappa jamnar ut dei ytre forskjellane i kleda, jamnar skummet ut fasaden dei unge bygger i form av sminke, klede og hårfrisyrar – og gjer dei frie til å berre vere seg sjølve.