Åndsfrisk: Anne Marie Moland var klar i hovudet til det siste. Eit fall i vår sette henne mykje tilbake fysisk. Biletet er teke i 2020.

Anne Marie (107,5 år) har gått ut av tida

Sundag tok livsvegen slutt for Vest-Telemarks eldste, Anne Marie Moland. Ho døydde heime på Moland i Flatdal.

– Det var godt for henne å sleppe nå, kommenterer dotter hennar, Åsbjørg Moland.

På morgonsida sundag 2. juli, to dagar etter fylte hundreogsjuogeithalvt år, tok Anne Marie Moland det siste andedraget. Då hadde ho vore sengeliggande i godt over tre månadar. 107-åringen var førleg fram til eit fall i byrjinga av mars sette henne tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heim att frå sjukehuset same dag

– I ellevetida, rett etter at me hadde ete dugurd, skulle ho skuve rullatoren frå seg. Det enda med eit fall frå stolen ho sat på. Ho datt framover så lang ho var. Resultatet blei at venstre skulder kom ut av ledd – noko som også har skjedd henne tidlegare. Ambulanse blei tilkalla, og så bar det til Notodden sjukehus på humpete og glatte vegar. Der fekk dei oksla på plass att, og 107-åringen blei sendt heim att same kveld i maxitaxi. I åttetida om kvelden var ho heime att. Denne sjauen tok nok litt på, og ho blei litt meir puslete etter kvart, fortel dottera.

Sidan 21. mars har den gamle dama lege til sengs, men ho har heilt til det siste fylgt med på alt som skjedde rundt henne. Kroppen hennar var sterk og fin, men den siste tida gav ho uttrykk for å kjenne seg kraftlaus og trøytt.

– Så no venta ho berre på å få reise heim til Jesus, fortel Åsbjørg.

Minstebarnet til Åse og Torjus Vågslid

Anne Marie var fødd nyårseftan 1915 i Vågslid, som den yngste i ein syskenflokk på 11. Ho blei gift med Ingvald Moland og fekk barna Gudmund og Åsbjørg, men blei enke alt i 1965. På sine eldre dagar flytta ho inn i ein omsorgsleilegheit ved Heddeli i Seljord. Då ho godt og vel hadde passert hundre år fekk ho kommunal omsorgsplass. Etter nokre år der kom korona-tida og alt blei snudd om. Turar heim til Moland var heilt uaktuelt. Likeeins å få besøk – det å sitje andlet til andlet og samtale. Det var då at dottera, Åsbjørg Moland, fann tida inne for å pensjonere seg som lærar.

– Eg fekk tankar om at no har eg høve til å ha mor buande heime, slik at ho kunne få dei siste åra sine heime på Moland. Ho lever trass alt ikkje i tjue år til, sa Åsbjørg til Vest-Telemark blad i september 2020.

Les også
Minstejenta fyller 101
Mjuk og sprek: 102 år og står med rette bein og lukar i blomebeddet då fotografen køyrde forbi omsorgsleilegheiten hennar ved Heddeli sommaren 2017.

– Eit eventyr å flytte heim

I mai dette året fortalde ho mor si at ho kunne flytte heim att til Moland. Slik reagerte 105-åringen på bodskapen:

– Det var som eit eventyr. Dette hadde eg drøymt om mange gonger, men aldri trudd at kunne skje.

4. juli 2020 flytta Anne Marie heim att. Og levde i tre år til. Tre år med å kunne bidra med heimslege sysler som bakst, fyring og stell av blomar. Det Anne Marie sakna mest med å bu på institusjon var kunne å arbeide og gjera nytte for seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette å arbeide, det er så nedlagt i ein. Arbeidd har eg gjort sidan eg var jentunge og var med på støylen heime kvar sommar. Eg voks opp med at ein ikkje berre kunne krevje, men at me måtte samarbeide og tene kvarandre for å greie oss, sa ho til Vest-Telemark blad same hausten.

No har arbeidsnevane fått kvile. Anne Marie Moland blir gravlagt frå Flatdal kyrkje fredag 7. juli. Eit langt, fantastisk liv er til ende.