Med: Aasmund Nordstoga er blant dei 17 medlemmene av det nye Mannsutvalet som regjeringa har oppnemnd.

Aasmund blant medlemmene i nytt mannsutval

Utvalet har som mandat å greie ut likestillingsutfordringar hjå gutar og menn i Noreg.

– Me ynskjer at alle, uavhengig av kjønn, skal ha moglegheit til å leve frie og sjølvstendige liv. Då må me ta menns særskilte likestillingsutfordringar på større alvor, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i ei pressemelding.

Ministeren viser til at fleire gutar slit på skulen, at fedre oftare må kjempe for å bli erkjend som fullverdige omsorgspersonar for barna sine, at gutar og unge menn ofte får ansvaret med å passe på systrene og familiens ære og at menn har høgare sjølvmordstal, som nokre av indikatorane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant dei 17 medlemmene av Mannsutvalet er det ein vesttele, Aasmund Nordstoga frå Vinje. Utvalet inkluderer også FHI-direktør Camilla Stoltenberg, lege Wasim Zahid og dei tidlegare fotballspelarane Ola By Rise og Brede Hangeland.

Fagleg sekretær i Fellesforbundet, Claus Moxnes Jervell, leiar utvalet, som skal levere ei offentleg utgreiing med oversikt over kva for likestillingsutfordringar menn møter gjennom livet, samt forslag til korleis desse kan løysast.