Asplan Viak AS)
Asplan Viak AS)

Ynskjer ny turveg langs Seljordsvatnet

Nå er det høve til å kome med innspel til dei nye planane for turveg forbi Nesbukti og langs Seljordsvatnet.

Seljord kommune vil etablere ein ny turveg langs Seljordsvatnet og til det planlagde bustadområdet i sentrum og har difor utarbeidd ein plan for arbeidet.

Her finn du planforslaget

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen meiner området passar godt til rekreasjon, men at det blir lite bruka i dag. Målet er å kople saman den nye turvegen med gangvegen ved Nesvegen 21 og gangvegen vidare frå Skipperbakken og nordover, samt til gangvegen på austsida av E134.

Området som ikkje er utbygd i dag er nytta til dyrka mark ved Nes og eit sumpområde ved Lomdokki.

For å realisere kommunens planar vil det bli naudsynt å fylle opp med masser for å flaumsikre det nye byggjeområdet, mellom anna ved Nesbukti, der utfyllinga er tenkt som ein ny park.

I planen vil ein flytte eksisterande turveg slik at den skal følgje den nye utfyllinga ved Bygdaråvegen. Ved sjukeheimen kan det bli aktuelt å flytte turvegen innover på land, eventuelt slik at den fylgjer eksisterande gangsti, står det i planen.

Plass til fleire bustadar

I planen ligg det også føringar for kva type hus kommunen ynskjer at det skal vere i området. Eksisterande bygg i det aktuelle området har tilkomst frå Skipperbakken, to bustadar har tilkomst frå Brøløsvegen og resterande bygg frå Nesvegen.

I tillegg til eksisterande sjukeheim og omsorgsbustadar ynskjer kommunen at området kan innehalde kombinasjonsbygg for bustad, forretning og kontor. I delar av planen er det eksisterande bustadar og forretningsbygg, men kommunen ynskjer at det skal bli høve til å etablere fleire einebustadar og tomannsbustadar. I ein annan del av planen ynskjer kommunen at det skal bli opna for kjedehus, rekkjehus, tremannsbustadar og firemannsbustadar.

123 dekar

Asplan Viak har hatt oppdraget med å utvikle reguleringsplanen for arealet ved Nesbukti, Seljord sentrum. Planforslaget omfattar eit samla areal på 123 dekar. Reguleringsplanen blei lagt ut til offentleg ettersyn 19. mai og det vil vere høve til å kome med innspel til planane fram til 5. juli.