Viser og Dikt

Tysdag 11. februar kan ein bli med på Viser og Dikt på Kaffibaren i Rauland. Då er temaet lyrikaren Aslaug Låstad Lygre. Mange litterære kritikarar set ho høgt, men folk flest kjenner berre til «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta». Til gjengjeld er det diktet velkjend, ikkje minst for tonen til Geirr Tveitt. Diktet inspirerte Tveitt til å skrive tonen rett ned utan rettingar. Og det er blitt ein storslagen einskap om sumarnatta. Denne kvelden får ein høyre meir om Låstad Lygre.

Førre gongen var temaet ein annan nynorsk lyrikar, Aslaug Vaa. Ho er heller ikkje av dei som blir trekt fram, enda så stor ho er. Men ettersom ho var delvis raulending, kjende mange godt til ho. Om lag 20 personar delte dikt, viser, og personlege minne om Aslaug Vaa. Geirr Tveitt har også laga mange tonar til Aslaug sine dikt. Sjølv om dei kan vera vanskeleg å framføre, fekk dei frammøtte nokre døme på det. Blant anna gav Anna og Bjønn Fauske ei fin tolking av «Fann eg dei stigar». Og Birgit Landsverk song ein stevtone på diktet «Eg er kje eismal». Og sjølvsagt song alle «So rodde dei fjordan». Eystein Matheussen var blitt inspirert til å lage nye tonar til to dikt av Aslaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ser ut som om Viser og Dikt løyser ut skaparevna! Men ikkje minst er det ein møteplass for alle som likar å høyre dikt og synge viser. Og som alltid er det rom for alle og for alle slags innslag, melder Åsta Ø. Kostveit, ein av arrangørane.