Vinje er på kols-toppen i Telemark.
Vinje er på kols-toppen i Telemark.

Vinje er på Kols-toppen i Telemark

Stadig fleire menneske får kols, og statistikk frå Helsedirektoratet viser at om lag 50 000 har diagnosen i Noreg. Delen i Vinje er størst i heile Telemark, medan Nissedal kjem best ut.

Helsedirektoratet (HDI) har tal som viser kor stor del av befolkninga i kvar kommune som hadde diagnosen kols i løpet av 2018. Vi har sett nærmare på tala både for Vinje, Vest-Telemark og heile fylket.

For Vinje sin del framkjem det at over 15 personar per tusen innbyggjarar hadde diagnosen i fjor. Dette er såleis ein god del meir enn det norske gjennomsnittet, som viser at 8,37 av tusen bebuarar i Noreg lever med denne sjukdomen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og dette er berre dei vi kjenner til, for det antas at mange lever med sjukdomen utan å ha fått diagnosen.

HDI publiserer tal på kommunenivå for at det skal vere ein del av forskinga på sjukdomen, men det finst førebels inga forklaring på dei relativt store geografiske forskjellane.

I Tokke kommune er det nesten 13 av tusen innbyggjarar som hadde diagnosen i 2018, noko som og er høgt. Kviteseid er og over snittet med 9,6 per tusen. Medan Fyresdal ligg på 6,06 og Seljord på 7,1. Best ut kjem Nissedal med «berre» 4,7 per tusen.

Store geografiske ulikskapar

Førekomsten er høgast i indre delar av Austlandet, indre delar av Sørlandet, samt i dei tre nordlegaste fylka. Vestlandet og delar av Trøndelag har minst.

På kommunelista er det store nivåforskjellane frå topp til botn. Den vesle kommunen Røst, yttarst i Lofoten, er oppe i heile 31 tilfelle per tusen innbyggjarar. Deretter kjem Leka i Trøndelag med nær 26 per tusen. Minste førekomst har Fjaler i Sogn og Fjordane, med berre 2,5 tilfelle per tusen innbyggjarar.

Om vi plasserer Røst heilt øvst på «verstinglista», så finn me Vinje på 52. plass blant dei 418 kommunane med opplysingar. Nissedal er då å finne fyrst som nummer 408.

Versting i Telemark

Berekningar frå 2018 viser at rundt 150.000 har kols i Noreg. Av desse trur Astma- og allergiforbundet (AAF) at det er mange som ikkje veit at dei er sjuke.

- Kols er den sykdommen som øker raskest i verden, og innen 2020 vil kols være den tredje viktigste dødsårsaken internasjonalt, forteller forbundet på sine nettsider.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Telemark er det altså Vinje kommune som kjem dårlegast ut, etterfulgd av Tokke og Kragerø. Medan Nissedal kommune tilsynelatande kjem best ut, etterfulgd av Hjartdal.

Ein må ha i minne at det stort sett er folk over 40 år som får diagnosen, så tala hadde sett «styggare» ut om ein berre tok med desse i berekninga.

Skuldast ofte røyking

– Over åtti prosent av kols-sjuke er eller har vore røykjarar, opplyser AAF.

– Risikoen aukar med aukande tobakksforbruk og mengda år med røyking. Langvarig røyking set i gong ein betennelsesprosess som skader slimhinna i luftvegane. Dette resulterer i bindevevsdanning og innsnevringar av luftvegane, legg forbundet til.

Mengda personar med diagnosen kols sin i 2018, målte per tusen innbyggjarar. 

Kommune           Per tusen innb.

Vinje                      15,10

Tokke                    12,97

Kragerø                 12,66

Bamble                  11,85

Drangedal             10,96

Porsgrunn             10,86

Nome                    10,59

Sauherad              10,55

Tinn                       10,42

Skien                     9,72

Kviteseid               9,60

Notodden              9,24

Siljan                     8,08

Bø                         8,05

Seljord                  7,10

Fyresdal               6,06

Hjartdal                5,04

Nissedal              4,70

 

Noreg                  8,37

Kjelde: FHI