Vinje kommune får prisen i dag.
Vinje kommune får prisen i dag.

Vinje er årets nynorskkommune

Kulturdepartementet og Språkrådet deler ut prisen på 100 000 kroner på Nasjonalbiblioteket i Oslo klokka 12 i dag.

– Vinje kommune viser vilje til språk, skriv Språkrådet i pressemeldinga. 

– I eit fylke der nynorsk er under sterkt press, utmerkjer Vinje kommune seg som ein tydeleg nynorskaktør, står det vidare. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Juryen meiner Vinje kommune er flinke til å verne om nynorsken. 

– Nynorsk er eit mindretalsspråk og treng eit særleg vern. Det har Vinje kommune skjøna, seier seksjonssjef i Språkrådet og juryleiar Margrethe Kvarenes. 

«På sitt trygge kulturgrunnlag har årets nynorskkommune arbeidd strategisk og kreativt for å gjere nynorsken til eit godt og levande bruksspråk. Det går klart fram av både planar og resultat at Vinje kommune har vilje til språk», heiter det i den skriftlege grunngjevinga frå juryen.

Juryen legg vekt på at Vinje kommune er ein føregangskommune i arbeidet for å gje innvandrarar norskopplæring på nynorsk, og at kommunen har kravt nynorsk i felles profilering av Vinje som reisemål.

Fekk nyheita for ei veke sidan

For om lag ei veke sidan fekk ordførar Jon Rikard Kleven beskjed om at søknaden om å bli årets nynorskkommune i Noreg hadde blitt innvilga.

«Vyrde Vinje kommune. Eg syner til søknaden dykkar om å bli årets nynorskkommune 2018. Juryen har hatt møte i dag, og Vinje er kåra til vinnaren i år. Gratulerer!» skreiv Kvarenes i Språkrådet i e-posten ordføraren mottok førre tysdag.

Statssekretæren i Kulturdepartementet deler ut prisen på eit ope arrangement på Nasjonalbiblioteket i dag klokka 12.