Ånund Lid Byggland får neste helg måle krefter mot verdas beste langrennssprintarar. I helga gjekk han noregscup på Beitostølen.
Ånund Lid Byggland får neste helg måle krefter mot verdas beste langrennssprintarar. I helga gjekk han noregscup på Beitostølen.

Vesttelar i verdscupmodus

Sundag var ein stor dag for dei to seniorløparane frå Høydalsmo IL. Ånund Lid Byggland blei tatt ut på den nasjonale kvoten til verdscuprenna på Konnerud til helga, medan Magnus Krog også nærmar seg verdscupsirkuset etter at han vann COC-rennet i polske Szczyrk.

– Gode plasseringar i noregsmeisterskapen i Steinkjer og ein brukbar sprint denne helga, var utslagsgjevande for at eg fekk plass i den nasjonale gruppa på verdscuplaget, seier Lid Byggland.

Han blei til slutt nummer åtte på fredagens sprintrenn i fristil på Beitostølen.. Lid Byggland blei nummer tjuge i prologen, og han gjekk ein god kvartfinale der han sikra seg andreplassen og rett til semifinale. Der blei han nummer fire, og dermed ingen finale på høydalsmoutøvaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grei konkurranse

– Det var eigentleg ei grei plassering på ein ikkje heilt optimal dag, meiner fyrsteårssenioren om konkurransen.

Det var berre seniorløparane som gjekk sprint i helga. Vêrgudane såg ut til å ville stikke kjeppar i hjula for arrangøren Øystre Slidre IL, men etter at vinden hadde løya og snøbyene gjeve seg, stakk sola fram og gjorde dagen fin.

Anders Gløersen frå Rustad IL vann føre Eirik Brandsdal og Tomas Northug. Amerikanarane Torin Koos og Andrew Newell fylgde på dei neste plassane.

Ånund fekk beskjed sundag ettermiddag om uttaket, og han var førebudd på gladmeldinga.

Vidare frå prologen

– Med innsatsen i NM og på Beitostølen i helga visste eg at sjansen var der. No er det berre å gjere det beste ut av dette, og det betyr at eg skal gå verdscuprennet slik eg gjer i andre renn. Det er viktig å ikkje stresse seg opp, men å vere offensiv og gå så fort ein klarer i prologen. Målet er sjølvsagt å kome vidare, og då kan alt skje, smiler Ånund.

Han gler seg til sprintrennet i friteknikk som går på Konnerud fyrstkomande helg. Elles har han tenkt seg å stille til start på femmila i NM del to. Og truleg blir det ein tur til Oslo for å sjå på nokre av konkurransane under ski-VM.

– Er forma god så stiller eg til start på femmila i Tromsø i slutten av mars, seier ein fornøgd langrennsløpar frå Høydalsmo.

Laurdag blei Ånund nummer 38 på den klassiske 10-kilometeren, og han valde å stå over sundagens konkurranse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur det er viktig med litt kvile no, avsluttar den gode skiløparen.

Kaldt på Beitostølen

Kulda gjorde til at renna både laurdag og sundag måtte utsetjast høvesvis ein halv og halvannan time. Sundag blei også distansane korta ned.

I juniorklassa for kvinner stilte Kathrine Lyngstad Kroken, Vinje IL, til start båe dagane. Ho gjorde eit godt løp laurdag då ho blei nummer 34 på den fem kilometer lange klassiske distansen. Ho var berre 14 sekundar unna noregscuppoeng. Sundag gjekk det tyngre, og Kathrine enda til slutt på 37. plass, 7.46 bak vinnaren Jessica Diggins frå USA. Distansen var 10 kilometer fri teknikk i ei knallhard og krevjande løype. Laurdag vann Ragnhild Haga frå Heming IL/Team Kollen den klassiske konkurransen.

Sterkt av Kvaale

Eivind Romberg Kvaale og Lars Eilev Djuve, båe Høydalsmo IL, stilte til start i klasse M17 på Beitostølen, og spesielt var det knytt forventingar til Kvaale etter den gode innsatsen han viste i sitt fyrste noregscuprenn på Liatoppen tidlegare i år. Sjukdom hadde sett langrennstalentet litt tilbake, men Eivind gjorde likevel ein god innsats denne helga. Ein 55. plass på laurdagens 10-kilometer klassisk var nok dårlegare enn Kvaale hadde håpa på, men sundag viste han at friteknikkforma er god, og han enda på ein svært sterk 18. plass på 5-kilometeren, 46 sekundar bak vinnaren Chrisander Skjønberg Holth, NTG-G/Birkebeineren IF. Holth vann også laurdag. Djuve blei høvesvis nummer 132 og 116 i noregscupdebuten.

Poeng til Skaug Mathisen

I attenårsklassa gjorde Runar Skaug Mathisen, Vinje IL, eit sterkt klassisk renn, og blei nummer 29. Sundag presterte han også godt og enda på 47. plass.

– Eg er godt fornøgd med helga, og laurdagens klassiske renn var bra. Skulle gjerne haldt litt betre på andre runden (2 x 5 km), men det blei i alle fall noregscuppoeng, smilte Skaug Mathisen.

Klubbkamerat Kjell Einar Erikstein blei høvesvis nummer 80 og 50. I same klasse stile også Arne Moen Lid frå Høydalsmo. Han blei nummer 71 laurdag og 72 sundag. Dei gjekk 10 kilometer båe dagane.

Bra klassisk løp av Høgset

Sindre Høgset frå Vinje gjorde også greitt frå seg på Beitostølen med ein 56. plass på laurdagens klassiske 10-kilometer. Friteknikk er likevel Høgset sin styrke, og den harde 15-kilometeren (3 x 5 km) passa Høgset godt. Han enda til slutt på 36. plass, 3.51 bak dobbelvinnar Erik Bergfall Brovold frå Tynset som vann båe dagar. Håkon Lie, Åmdal IL, stilte også til start og blei høvesvis nummer 146 og 92.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile 14 løparar braut sundagens 15-kilometer i M19/20.