Det er lagt ny asfalt i svingen i Eidsborgberget der vegen rasa ut like før jol i fjor. Sikringsarbeidet er også ferdig, og vegen er ikkje lenger lysregulert.
Det er lagt ny asfalt i svingen i Eidsborgberget der vegen rasa ut like før jol i fjor. Sikringsarbeidet er også ferdig, og vegen er ikkje lenger lysregulert.

Vegen open for fri ferdsel

Arbeidet med sikring og asfaltering av vegen i Eidsborgberget er no avslutta.

Etter at vegen mellom Dalen og Eidsborg opna att tidlegare i vår, blei trafikken i området lysregulert. No er både sikringsarbeidet og asfaltlegginga ferdig, og dermed er vegen opna for fri ferdsel.

I tillegg til at vegstubben som rasa ut er utbetra, fekk også kommunen ja frå Statens vegvesen då dei bad om at rasteplassen like nedanfor rasstaden blei utbetra. No er det lagt ny asfalt der også, i tillegg til at det er sådd til eit lite grøntareal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er glade for at Vegvesenet fann midlar til å ruste opp rasteplassen. Det vil også kome nye benkar og bord på plass. På sikt ynskjer me å setje opp ei informasjonstavle, seier Gunhild Austjord, plan- og næringssjef i Tokke kommune.

Mykje nytta stoppestad

Ho seier at rasteplassen er mykje nytta, og at det derfor var på høg tid at noko blei gjort.

– Dei som stoppar der har ein fantastisk utsikt over Dalen og utover Bandak, så det er ikkje rart at plassen er ein populær stoppestad for ein matbit og kvilepause, seier ho.

Rasteplassen like nedanfor rasstaden i Eidsborgberget har fått eit andletslyft.
Rasteplassen like nedanfor rasstaden i Eidsborgberget har fått eit andletslyft.

– Elles er me sjølvsagt glade for at vegen no har fått ny asfalt. Trafikken over Suleskar er monaleg, og det var viktig å få vegen i orden før biltrafikken tek til for alvor, legg ho til.