Edvard Straumsnes fortel at utskifta masse frå riksveg 41 blir lagt i steinbrotet slik at det ikkje blir så synleg.
Edvard Straumsnes fortel at utskifta masse frå riksveg 41 blir lagt i steinbrotet slik at det ikkje blir så synleg.

Vegarbeid ferdig innan sommaren

Både i Nissedal, Kviteseid og Fyresdal er det i gang vegarbeid der planen er å ha all asfaltering ferdig neste sommar.

I fleire månader har ein entreprenør jobba med masseutskifting på delar av ei sju kilometer lang strekning frå Steane i Kviteseid kommune til Kilen i Nissedal kommune. Etter at Vegvesenet inngjekk kontrakten med entreprenøren, er det funne rom for å skifte ut masse på ei lengre strekning enn i utgangspunktet.

– Me har fått ut to–tre millionar kroner ekstra slik at det blir masseutskifting på totalt 2,9 kilometer. Det er ikkje så gale, seier Edvard Straumsnes i Vegvesenet, byggjeleiar for utbetringa på riksveg 41.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegprosjektet har ført til meir arbeid enn det ein opphavleg tenkte.

– Slikt ser me gong på gong, seier Straumsnes, ein del erfaring rikare frå andre vegutbetringar.

Asfalt neste månad

Vegsentralen har fått nokre klager på vegarbeidet på riksvegen, det same har Vegvesenet og entreprenøren, fortel Straumsnes.

– Det har vore ein del utfordringar med vedlikehald av riksvegen, med støv og vaskebrett. Det har kome betre rutine, og har no betra seg mykje frå starten av arbeidet, seier Straumsnes.

Han legg til at uansett vegarbeid kjem det inn klager, slik er det bare.

Alle stader der det er skifta ut masse på riksvegen, vil bli asfaltert i fyrste delen av oktober, fortel Straumsnes er planen.

– Kjem ikkje telen før i januar, får ein gjort mykje av masseutskiftinga på vegen. Det kan bli noko graving også på vårparten, seier Straumsnes.

Han fortel elles at stadig nye direktiv frå Vegdirektoratet aukar kravet til masse ein kan bruke på vegar. Entreprenøren på riksveg 41 hentar no masse til øvre forsterkingslag ein annan stad enn i anleggsområdet ved riksvegen. Massen kjem no frå Brunkeberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er så planen vidare for riksvegen sørover?

– Det siste no er at arbeidet ikkje blir vidareført neste år, men året etter på vegen som er elendig. Om det kjem to kroner eller 100 millionar kroner til arbeidet veit eg ikkje. Men truleg i løpet av dei neste fem–ti åra pressar det seg fram pengar slik at det blir bra veg frå Vrådal til Treungen, svarar Straumsnes.

Til Fardal

Eit arbeid på fylkesveg 355 frå Hauggrend til Fyresdal sentrum dreg seg mot slutten. Det same gjeld gang- og sykkelvegen på to kilometer nordover frå sentrum i Fyresdal. Strekninga blir asfaltert rundt desse tider.

– Me kunne sikkert brukt ti millionar kroner meir på utbetringa av fylkesveg 355, seier byggjeleiar Straumsnes om pengar som ikkje finst.

Han håpar å få samkøyrd eit asfaltanbod som gjeld både den sju kilometer lange strekninga på riksveg 41 og fylkesvegen i Fyresdal.

– Eg trur båe vegane blir toppasfaltert i løpet av sommaren 2014, men ein veit aldri prisane på asfalt, seier Straumsnes.

Fylkeskommunen har i år lånt 100 millionar kroner som går til utbetring på fylkesvegane. Åtte millionar er sett av til fylkesveg 401 frå Fyresdal sentrum til Birtedalen.

– Med den summen kjem me dessverre ikkje lenger enn frå kraftstasjonen like utanfor Fyresdal sentrum og til Fardal. Det blir skifta ut masse på dei verste plassane, og deretter asfaltert der det er grave. Det er enno ikkje avgjort kven av dei seks som har lagt inn anbod, som får jobben. Ein del av arbeidet på vegen blir gjort i haust, og resten til våren, seier byggjeleiar Straumsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ei kraftig oppussing av vegen gjennom Vrådal sentrum, har det dukka opp meir fartsdemping enn det skal vere. Straumsnes fortel at det til våren blir skifta ut masse på ei strekning på rundt 25 meter i sentrum, slik at telehiven ikkje lenger skal få lage ekstra fartsdempar i delar av året.