Tore Åsland (Ap) (t.v) er uroa for krevjande økonomi for kommunen i tida framover. Han ville privatisere nokre kommunale vegar, og meinte ein kunne spare om lag 250 000 kroner per år på tiltaket. 
Tore Åsland (f.v.), rådmann Øystein Tveit, Tarjei Gjelstad (Ap) og Tarjei Draugedal (Krf).
Tore Åsland (Ap) (t.v) er uroa for krevjande økonomi for kommunen i tida framover. Han ville privatisere nokre kommunale vegar, og meinte ein kunne spare om lag 250 000 kroner per år på tiltaket. Tore Åsland (f.v.), rådmann Øystein Tveit, Tarjei Gjelstad (Ap) og Tarjei Draugedal (Krf).

Vegane skal framleis vera kommunale

Kommunestyret i Kviteseid vedtok torsdag å ikkje privatisere kommunale vegar. Saka blei vedtatt med tretten mot sju stemmer.

Forslaget om å privatisere om lag halvparten av dei kommunale vegane har skapt mykje debatt og engasjement blant hos innbyggjarar og politikarar i Kviteseid denne hausten. Torsdag sa fleirtalet i kommunestyret nei til forslaget.

Arbeidsgruppe

Artikkelen held fram under annonsen.

I november vedtok formannskapet, etter forslag frå Høgre og Senterpartiet, å setje ned ei arbeidsgruppe med mandat til å privatisere kommunale vegar. I gruppa skulle det sitje ein representant frå teknisk etat, ein KS-advokat (kommunenes sentralforbund), ein representant frå jordskifteretten, ordføraren, ein representant frå teknisk utval og to representantar frå oppsitjarane i kommunen.  

Rådmannen var uroa for korleis dette vedtaket skulle bli gjennomført på ein god måte. Det viste seg også at ein representant frå jordskifteretten ikkje kan sitje i ei slik gruppe då jordskifteretten er særdomstol og ein del av arbeidsoppgåvene deira er å «bruksordne» private vegar.

På kommunestyret torsdag la Halvor Nyland (H) fram eit forslag om å setje ned ei arbeidsgruppe, med ei noko anna samansetjing.

– Mandatet til gruppa er å privatisere alle kommunale vegar med unntak av indre Morgedal, Åsgrendvegen, Garverivegen og Håtveitvegen som er vegar som har gjennomkøyring til og frå fylke- eller riksveg, sa Nyland frå talarstolen.  

Etter å ha kjent på stemninga i salen, valte Høgre å trekke forslaget seinare i møtet.

– Ikkje småpengar

– Senterpartiet ønskjer at det skal vera attraktivt å bu i heile Kviteseid kommune, og derfor ønskjer me å behalde alle dei kommunale vegane me har i dag, sa Anne Birgit Sollid (Sp).  

Det største partiet i kommunen, Arbeiderpartiet, var splitta i saka. Geir Kjartan Lid (Ap) var motstandar av privatisering, medan Tore Åsland (Ap) la fram det same forslaget som vart nedstemt i formannskapet i november.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette forslaget gjekk ut på å stille strengare kriterium for å privatisere vegar, og slik privatisere nokre, men langt færre vegar enn i rådmannens framlegg. Mellom anna skulle lange vegar der det bur få folk, og vegar som fører til attraksjonar, ski- og turløyper framleis vera kommunale. I tillegg ville Åsland innføre ei overgangsordning for dei vegane som vart privatiserte med stønad dei tre fyrste åra. Innsparinga ville bli på om lag 250 000 kroner per år.

– Me må hugse at me i dag kuttar i to stillingar, har ei stilling vakant på KOS, ingen pengar å overføre frå drift til investering og me brukar fond for å dekke underskot i 2019. Det er tøffe tider i Kviteseid kommune og me må ta nokre val. 250 000 kroner er ikkje småpengar, så tenk dykk godt om, oppmoda ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) frå talarstolen før politikarane gjekk til gruppemøte.  

Røystinga viste at ingen av politikarane ønskte at ei arbeidsgruppe skulle jobbe vidare med saka. Sju representantar stemte for Åsland sitt forslag om å privatisere nokre kommunale vegar, medan tretten representantar ønskjer å behalde dei kommunale vegane som dei er i dag.