Vasskraft, nasjonsbygging og kulturminne

Leiar

– Det er imponerande å tenkje på den kunnskapen dei som i si tid bygde dette sat inne med.

Uttala kjem Einar Særsland og Lars Bjaadal med. Dei er primus motor i arbeidet med å restaurere industrianlegget Lakshøl bruk i Seljord. I dag eit tilsynelatande skjorereir av vêrslitne, tilfeldig samansette bygningar. Sett frå utsida kan ein knapt fantasere om at desse bygga i si tid hyste ein av dei største arbeidsplassane i Seljord. Bare dei som kjenner litt til den lokale soga veit at her blei dei fyrste elektriske kilowatt i kommunen til. Ein turbin gav straum til Seljord sentrum, og nådde fram til ei glødepære i stovehimlinga på Nordgarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Straum var det siste tilskotet i industrianlegget ved Lakshølfossen. I fleire hundre år før det dreiv vasskrafta frå fossen møller og sager. Frå eldgamal tid visste folk i Noreg å nytte vasskrafta. Til å mala korn til mat. Og til å saga plank og bord til husbygging og materialar til innreiing i stover og loft. Hus og innreiingar som tidas kunstnarar la kløkt og fantasi i å forme ut og dekorere så dei i dag står fram som landets flotte kulturminne. Vest-Telemark var i eliteserien i den disiplinen. Det er nok å bla i Johan Meyers «Fortids kunst i Norges bygder». Inga område har fått meir plass enn Telemark i den serien.

Utover frå 1960-talet blei anlegget på Lakshøl fasa ut. Gamal teknologi kunne ikkje måle seg med moderne ingeniørkunnskap og storkapital. Gamlemåten å skaffe seg livsgrunnlag og matmjøl gjekk av moten. Storindustri og effektiv drift kom i sentrum. Å dyrke sitt eig bygg til grautmjøl var forbi.

Like fullt er både driftsforma og foredlinga i gamle dagar imponerande. Hesten og fossen var drivkrafta, bonden og møllaren kunne arbeidet og handverket.

I dag er det lett å tenkje at dette var primitive greier. Eller, me kan tenkje som entusiastane Einar Særsland og Lars Bjaadal og medarbeidarane deira; dette er historie det er all grunn til å ta vare på og formidle til nye generasjonar. Ikkje bare gjennom teori, men å kunna vise i praksis.

Nasjonen Noreg er bygt på vasskraft, frå ei bekkjekvern ved fossen til dei gigantiske kraftanlegga. Og på dei gamle «ingeniørane», folk som utan formell kompetanse etter dagens normering visste korleis dei kunne nytte krafta.

I morgon feirar me nasjonaldagen til minne om storverket på Eidsvoll i 1814. Men sanneleg, me har all grunn til å feire alle dei storverk i kløkt som steg for steg bygde landet. Etter dei står små og store kulturminne i alle bygder. Dei er kromtappen i nasjonen Noreg. All heider til dei som i dag hegnar om desse minna.

Like fullt er både driftsforma og foredlinga i gamle dagar imponerande. Hesten og fossen var drivkrafta, bonden og møllaren kunne arbeidet og handverket.