Lang transport på vassflaskene produsert i Fyresdal gjev ei meirutgift som ordføraren meiner ein må få kompensert frå ei statleg støtteordning.
Lang transport på vassflaskene produsert i Fyresdal gjev ei meirutgift som ordføraren meiner ein må få kompensert frå ei statleg støtteordning.

Vassfabrikk med økonomisk utfordring

Telemark kildevann i Fyresdal slit med store transportkostnader. Ordførar Erik Skjervagen meiner staten må syte for hjelp frå transportstøtteordninga, men der er kassa tom.

I sommar blei det kjent at nedgang i salet av vassflasker førte til at fem tilsette blei permitterte av staben på 35.

– Konkurransen hardnar til. Det er ikkje tilfeldig at verksemda permitterte fem tilsette, seier ordførar Erik Skjervagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørn Bunæs, eigar av Telemark kildevann, har seinare tida bede ordføraren om hjelp med å kunne få tilskot frå den statlege transportstøtteordninga.

– Ved at Telemark kildevann ligg i Fyresdal kostar transporten 30 prosent meir enn om verksemda hadde lege i byen. Det var derfor dei flytta brusproduksjonen frå bygda vår til Aurskog, seier ordføraren.

Han trur meirutgifta på transporten utgjer rundt ti millionar kroner årleg. For å rette på stoda meiner ordføraren det er utruleg viktig at Telemark kildevann får nytte transportstøtteordninga.

– Det kan vere avgjerande faktor for Telemark kildevann si utvikling. Det er litt mørke skyer som må løysast, seier Skjervagen.

Han har bede om eit møte saman med Bjørn Bunæs, fylkesordførar Sven Tore Løkslid og leiar i næringsutvalet i Telemark, Jørund A. Ruud.

– Fylkeskommunen styrer over transportstøtteordninga. Problemet er at det ikkje ligg pengar der i årets budsjett, seier Skjervagen før møtet 17. oktober.