Faksimile VTB 10. november 2012.
Faksimile VTB 10. november 2012.

Vassavgifta aukar med 217 prosent

Det nye vassverket i Seljord gjer at vassavgifta aukar frå dagens pris på 2672 kroner til 8479 kroner i 2017.

Faksimile VTB 16. mai 2013.

Det nye vassverket i Seljord er kostnadsrekna til 50 millionar kroner. For eit hus på meir enn 60 kvadratmeter kan det bety at avgifta aukar med 5807 kroner på fire år. I dag er vassavgifta på 2672 kroner. I 2015 er det skissert ein auke på 56 prosent og i 2016 på 82 prosent. I 2017 vil vassavgifta vera om lag 217 prosent høgare enn i dag. Det kjem fram i budsjettframlegget rådmannen la fram denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er strenge krav til drikkevassforsyning. Reint vatn blir dyrt i framtida, konstaterer rådmann Per Dehli.

Varaordførar Jan Torbjørn Sollid Tveit, ordførar denne veka, seier det er beklageleg med så stor auke, men at det ikkje er noko veg utanom.

– Med den økonomiske stoda kommunen er i, ser eg det ikkje som realistisk at kommunen kan subsidiere delar av vassavgiftsauken. Me har drive på dispensasjon frå Mattilsynet i fleire år og må få gjort noko med situasjonen, seier Tveit.

Faksimile VTB 16. mai 2013.
Faksimile VTB 16. mai 2013.

Vil bruke Seljordsvatnet

Kommunen har pålegg frå Mattilsynet om å ha eit vassverk med betre kvalitet på drikkevatnet innan utgangen av 2015. Fleire alternativ er vurdera, og kommunen har konkludera med Seljordsvatnet som ny vasskjelde.

Byggjestart er venta neste haust. Rådmannen reknar med at dei klarer å halde tidsfristen og ha det nye vassverket klart til årsskiftet 2015/2016.

Sidan 2007 er det bruka 3,1 millionar kroner til konsulentar og prøveboring på Eventyrøy, Århus og Seljordsvatnet. I 2010 blei det lansert to alternativ for nytt vassverk i Seljord; grunnvatn frå Århus eller Seljordsvatnet. Alternativa blei då kostnadsrekna til høvesvis 27 og 34 millionar kroner. I november i fjor rådde Sweco kommunestyret til å nytte Seljordsvatnet som framtidig vasskjelde, og det blei då understreka at vassverket kom til å bli dyrare enn ein fyrst hadde rekna med.

Dagens grunnvassbrønnar på Eventyrøy er ikkje gode nok. Mattilsynet har gjeve kommunen dispensasjon frå drikkesvassføresegnene, men bad i vår om fortgang i arbeidet med å byggje nytt vassverk. Fram til nytt vassverk er på plass må kommunen syte for at mangannivået i vatnet ikkje kjem over grenseverdiane i drikkevassføresegnene. For mykje mangan i vatnet er ikkje helsefarleg, men det gjev praktiske ulemper for abonnentane, som svart vatn i periodar.

Få investeringar

I framlegget til investeringsbudsjett er det lagt opp til investeringar som kan finansierast med så lite lån som mogleg. For neste år har rådmannen skissert å setje av 4 millionar til vatn og avløp på Århus industriområde, 1 million til trafikktryggleik og 191 000 kroner til nytt elektronisk pasientjournalsystem ved helsesenteret, i tillegg til 15 millionar kroner til vassverket.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2015 er det sett av 35 millionar kroner til vassverket, 1 million til trafikktryggleik og 300 000 til ny skrape til Flatdal reinseanlegg.

I 2016 og 2017 er det berre funne investeringsmidlar til trafikktryggleik.