– Me ynskjer at politikarane i Tokke satsar meir, ikkje minst på marknadsføring av kommunen, seier tilsette ved den vidaregåande skulen på Dalen.
– Me ynskjer at politikarane i Tokke satsar meir, ikkje minst på marknadsføring av kommunen, seier tilsette ved den vidaregåande skulen på Dalen.

Valprat i Tokke: Vil at politikarane satsar meir

– Kommunen er motoren, og politikarane må ikkje vere redde for lånegjelda. Låg gjeld betyr lita satsing.

Orda kjem frå Karl Torstein Hetland. VTB møter personalet på Vest-Telemark vidaregåande skule til ein lunsjprat om kva som er viktig for Tokke kommune og Vest-Telemark framover. Og snart er det val …

– Betre vegar, seier ein.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Høgfartsbane over Haukeli, seier ein annan.

– Me som arbeider ved den vidaregåande skulen ynskjer betre samsvar mellom løyvingar og kva oppgåver skulen skal ha. Det er stor forskjell på teori og praksis. Her kan lokalpolitikarane spele ei viktig oppgåve, seier Per Stordrange.

– Eg ynskjer at alle lokale firma, store som små, blir flinkare til å marknadsføre seg. Lokalpolitikarane kan bidra med marknadsføringsmidlar, og på den måten marknadsføre Tokke og heile regionen på ein betre måte, slår Tove Palmork Haavelmoen fast.

Fin natur er ikkje nok

Dei er alle samde om at Tokke kommune er ein god kommune å bu i, og at naturen er flott.

– Men det er ikkje nok. Folk kjem ikkje hit berre fordi det er fint. Me har alle eit ansvar for å framsnakke kommunen me bur i, seier Haavelmoen.

Lars Torstein Momrak bur i Fyresdal, men har hatt arbeidsplassen sin på Dalen i ei årrekkje. Han meiner alle kommunane i regionen har dei same utfordringane.

– Politikarane må presentere mangfaldet i kommunen. Det er viktig å identifisere kommunen med noko positivt. Ein næringshage i Tokke er ei offensiv satsing, seier han.

Ynskjer gulrøter

Atle Timland er oppteken av arbeidsplassar. Han ynskjer at politikarane gjev noverande og framtidige bedrifter betre rammevilkår for å etablere seg og bli verande i Tokke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Incentiv for nye og etablera bedrifter kan vere det som skal til for å få fleire arbeidsplassar, seier Timland.

– Arbeidsplassar er stikkordet. Me kan ha det meste på stell, men det hjelper lite om det ikkje er arbeid å oppdrive. Og det er viktig å hugse på at me må skaffe arbeid til både mor og far, legg Stordrange til.

Han meiner folk i Vest-Telemark er viljuge til å bruke 30-50 minuttar på å køyre til og frå arbeid. Det betyr at attraktive arbeidsplassar i regionen, og helst i Tokke, er viktig.

– Næringshagen kan bli eit viktig tilskot, og det er viktig å ha ei offensiv haldning til det. Likevel har nok Tokke kommune mykje å lære. Me må sjå føre oss knoppskyting lokalt, ikkje at folk må flytte ut av kommunen for å få jobb, seier han.

Saknar satsing

– Eg er også veldig glad for at det blir næringshage i Tokke. Men eg meiner kommunen har for låg lånegjeld. Det vitnar om for lite satsing, slår Karl Torstein Hetland fast.

Pernille Sørdal meiner kommunen har eit stort forbetringspotensiale når det gjeld naturforvaltninga.

– Sjå berre på Statkraft og vassføringsproblematikken. Storauren kan trekkje folk til Tokke, seier ho.

Nja til kommunesamanslåing

Dei er alle samde om at politikarane har mange utfordringar dei må takle for å utvikle kommunen i positiv lei. Men dei er også tydelege på at dei beundrar dei som tek på seg å vere politikarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg synest det er beundringsverdig at folk vil bruke tid og energi på politikken. Dei får mykje kjeft, og må gjere upopulære val, seier Stordrange.

– Kva med kommunereforma?

– Samarbeid på tvers av kommunegrensenen er bra. Om ein nødvendigvis må slå saman kommunar er det vel mest naturleg å tenkje Vinje og Tokke, kanskje Fyresdal også, er dei samde om.

– Men ein ting vil eg minne alle om: Telemarkskanalen startar på Dalen – vatn renn ikkje oppover, avsluttar Haavelmoen.

Les meir om valet i Tokke her og her