Ingerid Vadder, Morgedal Il, tok KM-gull i klasse J15 på 6-kilometeren i helga.
Ingerid Vadder, Morgedal Il, tok KM-gull i klasse J15 på 6-kilometeren i helga.

Vadder blei krinsmeister – fleire gode plasseringar for vesttelane

I helga var det både cup- og krinsrenn i langrenn. Vesttelane beit godt i frå seg, og Ingerid Vadder vann likegodt båe renna. I NM på Gåsbu var det også enkelte gode plasseringar av vesttelane.

Laurdag var det cuprenn i Botne i Vestfold. Ingerid Vadder, Morgedal IL, gjekk inn til ein solid siger i klasse J15. Ho var nesten halvminuttet framfor nummer to.

Sigrid Marit Jonassen Verpe, Vinje IL, gjekk også eit sterkt løp og han blei nummer to i J14, berre fire sekundar bak vinnaren, Mina Sofie Kjærås Moland, Andebu IL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles blei Åsne Margrete Kleiv, Vinje IL, nummer 5 i K18, Gunhild Kvålseth, Morgedal IL, og Guro Ingebjørg Kleiv, Vinje IL, høvesvis nummer 4 og 12 i J16.

Daniel Andersen Pedersen, Morgedal IL, gjekk i mål som nummer 7 i G15, medan Halvor Kleiv, Vinje IL, blei nummer 10 i same klasse.

I G16 blei Erik Brostigen Ringhus, IL Rein, nummer 8.

Sigrid Marit Jonassen Verpe (t.v.) (sylv), Ingerid Vadder (gull) og Gunhild Kvålseth (sylv) tok alle med seg KM-medaljar frå helgas KM i Vestfold.
Sigrid Marit Jonassen Verpe (t.v.) (sylv), Ingerid Vadder (gull) og Gunhild Kvålseth (sylv) tok alle med seg KM-medaljar frå helgas KM i Vestfold.

Øystein Haugeberg Midtbø, Vinje IL, blei nummer 4 i G13, Olav Haugeberg Midtbø, Vinje IL, nummer 6 i G14, Anne Haugeberg Midtbø, Vinje IL, nummer 6 i J11 og Adrian Andersen Pedersen, Morgedal IL, nummer 6 i G12.

Tre KM-medaljar

Sundagens krinsmeisterskap gjekk også i Vestfold, og igjen viste Ingerid Vadder at ho er i storform. Ho vann det 6 kilometer lange rennet med nesten eitt minutts margin til Nora Sofie Doksrød, Runar IL.

Lagvenninne Gunhild Kvålseth gjekk også eit sterkt løp, og ho kunne ta med seg sylvmedalje i J16. Fort gjekk også Sigrid Marit Jonassen Verpe (J14), og ho tok også med seg KM-sylv.

Elles blei Morten Hermansen, IL Rein, nummer 5 i G15, Erik Brostigen Ringhus, IL Rein, nummer 8 i G16, Olav Haugeberg Midtbø, Vinje IL, nummer 10 i G14 og Adrian Andersen Pedersen. Morgedal IL, nummer 6 i G12.

Vesttelane i NM

Noregsmeisterskapet i langrenn gav ikkje den heilt store utteljinga for dei deltakande vesttelane. Men nokre plasseringar var likevel ganske bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo var med i torsdagens sprintrenn og fredagens 15 kilometer i friteknikk. Han rauk ut i kvartfinalen på sprinten etter å ha blitt nummer 20 i prologen.

– Bakglatte ski øydela mykje for meg i kvartfinalen, sa han til VTB.

På fredagens 15 kilometer blei han nummer 114.

Runar Skaug Mathisen frå Vinje gjekk to bra løp på Gåsbu. Han blei nummer 40 både på fredagens 15 kilometer og på laurdagens 30 kilometer med skibyte.

Vinje IL hadde også stafettlag og Mathisen som gjekk fyrstetappen veksla på 21. plass. På andre etappen gjekk Sindre Høgset, og han sendte Knut Halvor Erikstein ut på siste etappe. Vinje låg då som nummer 74, og i mål blei stafettlaget nummer 80.

Marianne Hermansen, IL Rein, var også på Gåsbu. Ho gjekk to ganske bra løp, og blei nummer 30 på 10 kilometer skøyting, og nummer 31 på 15 kilometer med skibyte.