Arkiv
Arkiv

Utvidar villreinjakta i Brattfjell-Vindeggen til 14. oktober

Den ordinære villreinjakta varer frå 20. august til 30. september. I Brattfjell-Vindeggen, som omfattar kommunane Hjartdal, Seljord, Tinn og Vinje, er jakttida utvida til og med 14. oktober.

Årets kvote er på 280 dyr, men til nå er det berre felt i underkant av 30 dyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Reinen står lenge utanfor lovleg jaktterreng, og trekker gjerne ikkje inn i fjellet før mot slutten av jakta – derfor er fellinga så låg til nå, seier Helle Solberg, sekretær i Brattfjell-Vindeggen villreinutval.

Dei har god dokumentasjon på talet på felte dyr, og har fått godkjent søknaden om utvida jakttid.

– Det ynskeleg at fellingsprosenten kjem opp mot 40 prosent av totalkvote. Får me for mange dyr i høve til bestandsmålet, som er på kring 500–550 dyr, kan det bli kritisk med tilgjengeleg vinterbeite, seier Solberg.