Slik såg det ut i romet fredag då administrasjonsutvalet eigentleg skulle starte møtet om leiarmodell i Fyresdal kommune. Tillitsvalde og vernetenesta reagerte kraftig på at eit politisk forslag om ny modell ikkje hadde vore til drøfting blant dei tilsette. Om ikkje lovkrava som gjeld blei fylgde, ville dei kontakte arbeidstilsynet. Rådmannen valde å avlyse møtet for å gjennomføre ei risiko- og konsekvensutgreiing av ny modell.
Slik såg det ut i romet fredag då administrasjonsutvalet eigentleg skulle starte møtet om leiarmodell i Fyresdal kommune. Tillitsvalde og vernetenesta reagerte kraftig på at eit politisk forslag om ny modell ikkje hadde vore til drøfting blant dei tilsette. Om ikkje lovkrava som gjeld blei fylgde, ville dei kontakte arbeidstilsynet. Rådmannen valde å avlyse møtet for å gjennomføre ei risiko- og konsekvensutgreiing av ny modell.

Uro i omorganiseringsprosessen

Kommunetilsette i Fyresdal reagerte kraftig på eit politisk forslag om organisering av leiarnivået, eit innspel tillitsvalde og vernetenesta ikkje hadde fått diskutert. Dei varsla arbeidsgjevaren om at det kunne bli naudsynt å informere arbeidstilsynet. Så greip rådmannen inn.

Fyresdal kommunestyre sette i slutten av november ned ei hurtigarbeidande gruppe som skulle foreslå anna administrativt leiarnivå i kommunen. Målet var ein tonivåmodell, avdelingsleiarar direkte under rådmannen, og då må dagens stillingar som kommunalsjefar bort. Vidare ynskte ein økonomisk innsparing ved ny løysing.

Politikarane valde denne arbeidsgruppa til å jobbe med saka; leiar Erik Skjervagen (Ap), Thor Inge Levang (Sp), Anne Mette Hjort-Jensen Momrak (hovudtillitsvald Fagforbundet), Gunn Marit Aslestad (hovudverneombod) og rådmann Ketil O. Kiland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje klokt

Gruppa har bede avdelingane og tillitsvalde gje innspel til ny organisering, og det kom mange tilbakemeldingar. Så sette dei to politikarane sitt arbeid på vent, og bad rådmannen og tilsette sine representantar om å sjå på alternativ. Etter dette fylgde det fleire møte blant ulike tilsette, det var oppsummeringsmøte og eit møte i arbeidsgruppa 7. mars der politikarane fekk presentert tre alternativ.

I dette møtet kom ordførar Erik Skjervagen med eit nytt forslag; tilsette ein assisterande rådmann og ha fem avdelingsleiarar (ingen kommunalsjefar). Dette fekk fleirtal ved at også Levang og rådmannen sa ja til løysinga. Dei tilsette sine to representantar gjekk for assisterande rådmann og ni avdelingsleiarar, ei løysing ordføraren meinte ein ikkje har råd til.

I møtet var hovudverneombodet bekymra for korleis ein skal fylje opp personalet med så store avdelingar som ordføraren ynskjer. Hovudtillitsvald fylgde opp med å seie at det ikkje er klokt å lage så få og store avdelingar.

Uheldig for arbeidsmiljøet

Før saka skulle opp i administrasjonsutvalet på eit ekstra møte fredag 16. mars, kom hovudverneombodet og hovudtillitsvald med ytterlegare grunngjeving for løysinga dei ynskte. Der blir det mellom anna påpeika at arbeidet rundt risiko- og konsekvensutgreiing (ROS-analyse) ikkje har blitt gjennomført i denne omorganiseringsprosessen. Det blir minna om at arbeidsgjevar er plikta til å gjennomføre slik utgreiing ved omstilling/endringar for å kartlegge om det vil få konsekvensar for arbeidsmiljøet.

Vidare blir det reagert på at forslaget frå ordføraren ikkje har blitt drøfta med avdelingsleiarar, tillitsvalde eller verneombod, noko ein meiner er i strid med hovudavtala. Hovudverneombodet og hovudtillitsvald avsluttar skrivet med desse orda: «Det er veldig uheldig for arbeidsmiljøet at politikarane har haldningar til tilsette i Fyresdal kommune som inneber at dei ikkje jobbar når dei er på jobb. Det har blitt uttala av politikarar i ulike møtesamanhengar».

Alvorleg

* Tidleg i prosessen sa leiarar og tillitsvalde at arbeidsgruppa var for lita, noko det ikkje blei tatt omsyn til.

* Ved fleire høve er det etterlyst risiko- og konsekvensutgreiing av endringane, noko arbeidsgjevar har vore avvisande til.

* Ny modell for omorganisering må drøftast med alle, blir det ikkje gjort er prosessen ikkje i samsvar med hovudavtala.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Arbeidsgjevar såg det i utgangspunktet ikkje som naudsynt å informere avdelingsleiarane som ville få større endringar i ny modell, noko hovudverneombodet påpeika overfor arbeidsgjevar at ein måtte gjere.

* Arbeidsgjevar vel å ikkje forhalde seg til dei lovkrav som er i høve til risiko- og konsekvensutgreiing i arbeidsmiljølova, det er alvorleg.

Elles inneheld også dette skrivet signal om at det er heilt uakseptabelt at politikarar i møte omtalar tilsette med fullt namn som dei meiner bør jobbe meir og  «bør lære seg å jobbe».

«Rådmannen, som er leiar for alle tilsette i kommunen, må ikkje tillate at slikt skjer. Når slike ting får lov til å skje, får vi ein organisasjon full av utrygge medarbeidarar».

Informere arbeidstilsynet

Så blir det lada med endå kraftigare ord mot slutten av skrivet. Tillitsvalde og vernetenesta oppmodar arbeidsgjevar til å bremse farta i prosessen og fylgje lovkrava som gjeld.

«Dersom arbeidsgjevar ikkje gjennomfører dette, vil tillitsvalde og vernetenesta sjå det som naudsynt å informere arbeidstilsynet om det. Arbeidsgjevar sin styringsrett gjev ikkje rett til å bryte lov, forskrift eller avtaleverk».

Til slutt blir det oppmoda om eit skriftleg svar frå arbeidsgjevar om at ein no stoppar opp, gjennomfører ROS-analyser, får økonomiske konsekvensar på bordet og at alle får uttale seg i høve alle modellar som blir lagt fram.

Rådmannen samd

Nokre timar før administrasjonsutvalet skulle drøfte saka om omorganisering, inkludert det ferske forslaget om ny modell, greip rådmannen inn og avlyste møtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har kome fram ein ny modell som tillitsvalde ikkje har vore med og diskutert. Dei tillitsvalde er i sin rett til å seie at ein skal ha ROS-analyse, og det skal me gjennomføre, seier Kiland.

Elles seier rådmannen at i samband med omorganiseringa skal ingen seiast opp. Tilsette får i hovudsak dei same oppgåvene, men nokon vil få litt meir mynde på økonomi.

– Organisasjonsendringa er ikkje dramatisk, seier Kiland.

Hovudtillitsvald Anne Mette Hjort-Jensen Momrak i Fagforbundet seier dette til VTB om at rådmannen avlyste møtet i administrasjonsutvalet:

– Det var veldig fornuftig og klokt av rådmannen. Nå ser me fram til vidare arbeid med prosessen, så får me håpe på det beste.

Saka om ny organisering av leiarnivået er ført på kartet til kommunestyremøtet torsdag, men den behandlinga blir utsett til eit seinare møte.