Marianne Hermansen, IL Rein, gjekk inn til 30. og 48. plass i dei to NM-øvingane i Alta i helga. (Arkiv
Marianne Hermansen, IL Rein, gjekk inn til 30. og 48. plass i dei to NM-øvingane i Alta i helga. (Arkiv

– Tre mil på ski er veldig langt

Marianne Hermansen frå IL Rein trudde ho sikta høgt då ho stilte til start med mål om å bli blant dei 30 beste. Dei siste kilometrane blei eit slit, men 21-åringen nådde målet sitt.

Hermansen gjekk i mål som nummer 30, 11 minuttar og 34 sekundar bak den norske meisteren Ragnhild Haga. Då hadde ho gjennomført si fyrste tremil i konkurranse.

– Det er veldig langt, ler Hermansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei fyrste to mila gjekk veldig bra. Alt fungerte og eg gjekk fort. Eg tenkte at dette er eit tempo eg kan halde lenge. Men med sju kilometer att kjente eg at eg ikkje hadde treningsgrunnlag til å halde lenger. Muskulaturen sa klart i frå: Dette klarer me ikkje meir, seier fyrsteårs senioren frå Edland.

Ho beit tennene saman i dei bratte løypene i Alta, varierte teknikken som best ho kunne – og så såg ho målet.

– Då var eg glad, seier Hermansen.

Ho mista ein del trening på grunn av sjukdom i oppkøyringa til sesongen, men avslutta likevel med 48. plass (blant 157 løparar) på fredagens 5-kilometer og altså 30. plass på tremmila laurdag.

– Eg er veldig fornøgd. I fjor var eg nummer 97 på 5-kilometeren, seier ho.

Hermansen studerer i Bø og er med på Team Synnfjell som i år har satsa på jentelag. Ho håpar at Team Telemark neste år igjen skal satse på jentene, og drøymer om ein plass på fylkeslaget.

– I år har eg trena mykje åleine. Kva framtida bringer vil vise seg, men eg satsar for fullt vidare neste sesong ved sida av studiar, seier Hermansen.

I Alta var Edland-jenta den einaste kvinna frå Telemark og Vestfold skikrins på startstreken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt skralt, seier ho.

Til helga blir sesongen avslutta. På heimebane i Haukelirennet.

– Eg såg Astrid Uhrenholdt Jacobsen skulle gå. Ho var vel ti minuttar framfor meg i NM, men det blir moro, seier Hermansen.