Nissedalrådmannen tilrår politikarane å overta den stengte tømmerrenna og gjere ho om til turveg til turistmagneten Jettegrytene.
Nissedalrådmannen tilrår politikarane å overta den stengte tømmerrenna og gjere ho om til turveg til turistmagneten Jettegrytene.

Tømmerrenne som turveg til turistmagnet

Rådmannen i Nissedal tilrår politikarane å godta at kommunen overtek tømmerrenna ved Dynjanfoss og rustar opp anlegget til tursti til turistmagneten Jettegrytene.

Eit tid kunne turistar og andre bruke Agder energi si tømmerrenne ved Dynjanfoss sør i Nissedal som gåveg til badeplassen Jettegrytene. Kraftselskapet valde etter kvart å stenge renna på grunn av tryggleiken. Dei har i seinare tid primært ynskt å rive renna, men har tilbydd kommunen å overta anlegget for ein eingongssum på rundt 800 000 kroner, tilsvarande rivekostnaden Agder energi vil få.

Torsdag skal formannskapet diskutere overtakingssaka, før ho blir avgjort i kommunestyret 24. november. Rådmannen ser positivt på å overta anlegget som kommunen i fylgje ein tilstandsrapport må bruke rundt 600 000 kroner på å setje i stand til gåveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Med dette vil kommunen få ein fin tursti til Jettegrytene, den viktigaste turistattraksjonen i kommunen. Dette vil i tillegg avlaste vegen frå Dynjanfoss kraftverk og inn til Jettegrytene», meiner rådmannen.

Lage avtaler

I tilstandsvurderinga med kostnadsoverslag for å få ein trygg tursti opptil fleire meter over bakken, er det tenkt ei løysing der folk kan gå i minst 30 år utan store reparasjonar på anlegget.

I eit skjønn frå 1950 mellom kraftselskapet og grunneigaren er det slått fast at kraftutbyggjar har skaffa seg både rett til grunnen der tømmerrenna står, og vedlikehald av ho.

«Ved ei eventuell overtaking av eigarskapet til tømmerrenna vil Nissedal kommune også overta pliktene og rettane som fylgjer med eit slikt eigarskap», skriv sakshandsamar og næringskonsulent Hildegunn Rønningen.

Rådmannen bed om politisk klarsignal for å kontakte Agder energi med tanke på å utarbeide ei avtale for overtaking, og for å kome til semje om overtakingssum. Vidare at kommunen kontaktar grunneigar Signe G. E. Eikhom med tanke på å utarbeide ei avtale for endra bruk av tømmerrenna.

Båe avtalene må godkjennast av kommunestyret, meiner rådmannen.