Knut Olav Flothyl (t.v.) og Jørgen Hauge går båe siste året på elektrolina på Vest-Telemark vidaregåande skule. Tidlegare denne månaden blei dei nummer to i NM for yrkesfag. No ventar lærlingplassar.
Knut Olav Flothyl (t.v.) og Jørgen Hauge går båe siste året på elektrolina på Vest-Telemark vidaregåande skule. Tidlegare denne månaden blei dei nummer to i NM for yrkesfag. No ventar lærlingplassar.

Tok NM-sylv i yrkesfag

Tidegare denne månaden var det skule-NM for yrkesfag. Der stilte mellom andre Knut Olav Flothyl (17) frå Haukeli og Jørgen Hauge (18) frå Arabygdi.

Båe elevane går elektrolina på Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen. Dei vann fylkesmeisterskapen i mars, noko som gjorde at dei kvalifiserte seg til noregsmeisterskapen i elektrikarfaget.

– Oppgåva gjekk ut på å setje opp ein kanal med stikkontaktar, datanett og styringseining. Me fekk fire timar på oss, og i fylkesfinalen hadde me rimeleg god tid og god oversikt, fortel dei to elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt hektisk i NM

Noregsmeisterskapen gjekk i Ringsaker, og mange lag stilte. Alle laga fekk oppgåva dagen før, og stikkordet denne gongen var kontorområde.

– Det gjekk ut på det same som i fylkesmeisterskapen, og me hadde like lang tid på oss. Men det blei mykje meir hektisk denne gongen. Det skuldast mellom anna at me hadde mindre plass, slik at berre ein av oss fekk jobbe om gongen, forklarer dei.

Lærlingar

Båe to er godt fornøgde med å bli nummer to i konkurransen, og etter at skuleåret er over er båe to klare for å byrje som lærlingar. Dei hadde tilbod frå fleire, og dei røpar at gode karakterar spelar ei rolle i høve til tilbodet om lærlingplassar.

– Båe to har nokså gode karakterar, og det har me fått beskjed om er viktig for aktuelle lærlingplassar. Eg har fått plass hjå Bjerke Nettbygg på Gol, seier Flothyl.

– Medan eg skal byrje i Statkraft, seier Hauge.

Håpar på fast arbeid

Lærlingtida er på to og eit halvt år, og båe håpar å få seg fast arbeid etter den tid.

– Statkraft har vel sagt at det blir vanskeleg å få noko utover lærlingperioden, hjå dei, men me får sjå kva det blir til, fortel Hauge.

– Men me kan vel seie at elektrikarfaget er greia for oss. Tida på skulen på Dalen har vore lærerik og interessant, så me er godt fornøgde med utdanninga og gler oss til å ta fatt på litt meir praksis framover, avsluttar Flothyl.