Birger Nygård fylte 75 år før jol, og han takka også av som politikar i Tokke. Ordførar Jarand Felland (Sp) gav han blomar og gode ord på vegen.
Birger Nygård fylte 75 år før jol, og han takka også av som politikar i Tokke. Ordførar Jarand Felland (Sp) gav han blomar og gode ord på vegen.

Takka for seg

Birger Nygård (75) trekkjer seg ut av politikken i Tokke. Mannen med 16 års fartstid som ordførar og endå fleire år som lokalpolitikar takka for seg i siste kommunestyremøtet.

Senterpartimannen Birger Nygård søkte om fritak for resten av kommunestyreperioden med bakgrunn i helseårsaker. Søknaden blei imøtekomen av eit samrøystes kommunestyre i desember.

– Eg vil seie tusen takk for at de sa ja til søknaden min. Minna er mange frå alle åra i politikken, og særleg frå åra som ordførar. Erfaringa mi er at dersom ordføraren får med seg rådmannen og administrasjonen blir det gode vedtak. Eg har jobba saman med mange flotte folk, og eg minnest dette som ei fin tid som eg har sette stor pris på, sa ein rørt Birger Nygård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Synte omsut

Hilde Alice Vågslid (Ap) har vore med i politikken lenge. Ho hugsar godt at Nygård tok godt vare på dei nye i politikken.

– Som ordførar var han veldig omgjengeleg og grei å forhalde seg til. Han er folkeleg, og blei nok godt lika av dei aller fleste. Han tok også opposisjonen på alvor. Eg kjem i hug at me i blant var ute på møte, og då synte han stor omsut for oss som var ferske i det politiske miljøet. Rett nok var han ordførar i nokså gode tider i Tokke, men han fortener likevel ros for innsatsen, seier Vågslid.