Heile 37 starta i konkurranseklassa i Lårdal Upp laurdag.
Heile 37 starta i konkurranseklassa i Lårdal Upp laurdag.

Sprang upp Lårdal i godvêret

Heile 68 deltakarar var med då Lårdal Vel og Høydalsmo IL arrangerte historias andre motbakkeløp i bygda. Mariann Roe frå Skarphedin sette ny løyperekord i dameklassa, medan røldølen Bård Olav Medhus var raskast i herreklassa.

– No skal ikkje eg seie kva de skal gjere oppover liene, men det kan vera lurt å ta det litt roleg i starten så de ikkje stivnar i fyrste motbakken, opplyste speaker Sverre Bakke før mosjonsklassa sette i gang frå målområdet ved bryggja i Lårdal.

Det var strålande vêr og derfor var det kanskje ikkje så rart at det var atskillig fleire på startstreken i år, samanlikna med i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I fjor var me nok litt seint ute. Arrangementet gjekk då i august, og det var eit salig regnvêr då starten gjekk. Planen vår er å vere fyrst på terminlista, og at me blir ein viktig del av sesongen for dei som har lyst til å vera med. Me tek sikte på å vekse og bli eitt av dei verkeleg store motbakkeløpa i Noreg, seier Gunnar Ofte i Høydalsmo IL.

Fleire deltakarar

Totalt stilte 43 løparar til start i fjor, medan talet i år altså var 68.

– Arrangementet er eit samarbeid mellom Lårdal Vel og Høydalsmo IL. I tillegg er ungdomsklubben i Lårdal ansvarleg for sal av kioskvarer og vaflar, så her er mange engasjerte, seier Sverre Bakke i Lårdal Vel.

Starten har gått for dei 31 deltakarane i mosjonsklassa. Foran seg har dei fire kilometer med ei stigning på 600 høgdemeter til toppen av Trisetnuten.
Starten har gått for dei 31 deltakarane i mosjonsklassa. Foran seg har dei fire kilometer med ei stigning på 600 høgdemeter til toppen av Trisetnuten.
Hans Bakke (t.v.) og Einar Håndlykken, onkel og nevø, stilte i konkurranseklassa.
Hans Bakke (t.v.) og Einar Håndlykken, onkel og nevø, stilte i konkurranseklassa.
Mariann Roe, Skarphedin IL, sette ny løyperekord for kvinner med tida 33.33. Rekorden frå i fjor hadde Ingjerd Utistog Kleiv med 39.13.
Mariann Roe, Skarphedin IL, sette ny løyperekord for kvinner med tida 33.33. Rekorden frå i fjor hadde Ingjerd Utistog Kleiv med 39.13.
Bård Olav Medhus frå Røldal vann herreklassa på 31.42. Det var over minuttet bak fjorårsvinnar Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo.
Bård Olav Medhus frå Røldal vann herreklassa på 31.42. Det var over minuttet bak fjorårsvinnar Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo.
Rune Hana frå Vinje blei nummer to i klasse M30-39 år på tida 34.26.
Rune Hana frå Vinje blei nummer to i klasse M30-39 år på tida 34.26.
Are Sæther Midtbø, Åmdal IL, sprang inn til 2. plass i klasse G14-15. Han bruka 38.00 på den bratte løypa.
Are Sæther Midtbø, Åmdal IL, sprang inn til 2. plass i klasse G14-15. Han bruka 38.00 på den bratte løypa.
– Det er veldig ålreit å samarbeide om slike arrangement, seier Sverre Bakke (t.v.) i Lårdal Vel, Mette Lillegård og Gunnar Ofte i Høydalsmo IL.
– Det er veldig ålreit å samarbeide om slike arrangement, seier Sverre Bakke (t.v.) i Lårdal Vel, Mette Lillegård og Gunnar Ofte i Høydalsmo IL.
Marie Veslestaul, IL Dyre Vaa, vann klasse K30–39 på tida 36.24.
Marie Veslestaul, IL Dyre Vaa, vann klasse K30–39 på tida 36.24.
– Dette er umenneskeleg tungt, seier Einar Håndlykken nokre hundre bratte meter før målpassering.
– Dette er umenneskeleg tungt, seier Einar Håndlykken nokre hundre bratte meter før målpassering.

Fleire av bygdas folk var også på plass som løypevakter i motbakkane, og som servitørar på drikkestasjonane undervegs den fire kilometer lange løypa som stig 600 meter.

Spreke Einar Strand

Einar Strand (86) tok turen før mosjonistane starta, og han bruka om lag ein  time på den bratte løypa.

– Eg tykkjer det var lettare i år enn i fjor. Det skuldast nok at løypa var betre merka og meir opptrakka no, smiler den spreke lårdølen.

– Toget har gått

I konkurranseklassa stilte heile 37 løparar til start. Det låg an til å kunne bli eit familieoppgjer mellom Hans Bakke, opphavleg frå Lårdal, og nevøen Einar Håndlykken, dagleg leiar i fotballklubben Odd og busett i Grenland.

– Dette er fyrste gongen eg er med, og eg vedgår at eg er litt skeptisk, seier Håndlykken før start.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skal du ikkje varme opp?

– Vel, eg trur eg kjem til å få bruk for alle kreftene eg har i sjølve løpet, så det er vel ikkje verdt å varme opp noko særleg, svarar han smilande.

– Er målet å få heng på Hans, onkelen din?

– Nei, han får nok springe sitt eige løp. Det blir ikkje noko familieoppgjer – det toget har gått for lengst, ler Håndlykken, og klaskar seg på magen.

Akkurat det fekk han rett i, onkel Hans blei for sterk denne gongen.

– Dette er heilt umenneskeleg, men kan hende blir eg med neste år likevel, seier Håndlykken, då VTB møter han nokre hundre meter før mål.

Dagen etter løpet melder han at han er litt støl, men elles i bra form.

Spreke mosjonistar

I mosjonsklassa var Olav Nordstoga, Høydalsmo IL, den som hadde det mest travelt. Han sprang på 48.12. Blant kvinnene var det Anne Kvaale Bjerk, Høydalsmo IL, som blei best med tida 49.00.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var mange sterke prestasjonar i årets utgåve av Lårdal Upp, og arrangørane kunne knapt ynskt ei flottare ramme rundt arrangementet.

Sjå fleire bilete på VTB.no - billedgalleri.