Stortingsrepresentant Nils T. Bjørke (Sp) fryktar konsekvensane kan bli dramatiske dersom forslaget til ny struktur for domstolane blir vedteke slik det er lagt fram. Her frå landsmøtet til Senterpartiet på Hamar i vår.
Stortingsrepresentant Nils T. Bjørke (Sp) fryktar konsekvensane kan bli dramatiske dersom forslaget til ny struktur for domstolane blir vedteke slik det er lagt fram. Her frå landsmøtet til Senterpartiet på Hamar i vår.

Sp håpar behandlinga av domstolsstrukturen blir utsett

Forslaget til ny struktur for domstolane her i landet har vekt sterke reaksjonar. Senterpartiet har føreslege å utsetja behandlinga av forslaget. Snart skal utsetjingsforslaget behandlast i Stortinget.

– Me meiner det blir heilt feil å diskutera strukturen for domstolane før ein har drøfta oppgåvene til rettane, seier stortingsrepresentant Nils T. Bjørke (Sp) til Nynorsk pressekontor.

Partiet har difor fremja forslag om at Stortinget ber regjeringa utsetja behandlinga av domstolsstrukturen til domstolsutvalet har lagt fram den andre delrapporten sin neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utsetjingsforslaget er no til behandling i justiskomiteen. Komiteen må koma med innstilling i saka innan 26. november.

– Me meiner at dei to rapportane heng tett saman, men det verkar som om regjeringa vil få vekk strukturdebatten først, før dei landar det andre. Det meiner eg er heilt feil, seier Bjørke.

Han og Senterpartiet meiner det mest naturlege er å sjå på oppgåvene og innhaldet til domstolane først og korleis ein skal løysa strukturen etterpå.

Fryktar dramatiske konsekvensar

Domstolkommisjonen meiner ei av utfordringane med domstolane i dag er at dei er for små. Kommisjonen har difor føreslege å redusera talet på tingrettar frå 60 til 22, og endra talet på jordskifterettar frå 34 til 13.

Senterpartiet fryktar at dette vil føra til at dei fleste domstolane blir lagt til byane og at det får store konsekvensar for folk på bygdene.

– Me trur dette er dramatisk. Ikkje berre kan arbeidsplassar i distriktet bli borte, men me er meir bekymra for at det blir meir tungvint og ein høgare terskel for å ta saker til retten. Med dei endringane det er lagt opp til, blir kostnadene flytta over på brukaren, seier Bjørke.

For rettskjensla til folk og for tilliten til rettsvesenet, trur han òg det er viktig at domstolane har ein nærleik til samfunnet dei er sette til å tena.

Jordskifterettane ekstra viktige

Bjørke er ikkje berre uroleg over ei samanslåing av tingrettane, men også for jordskifterettane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jordskifteretten er ikkje stor, men han er utruleg viktig. Ofte er jordskifterettane med på å avklara gamle stridar i bygda slik at ein får eit betre miljø. Det er difor viktig at ein har ein effektiv jordskifterett. Me trur mykje av effektiviteten blir borte om ein sentraliserer. Då vil mykje av tida gå opp i reiser og andre utfordringar.

– Kva seier du til dei som hevdar at jordskifterettane har få saker og lite å gjera?

– Arbeidsmengda svingar nok meir i ein liten rett, men me ser også at dei små rettane er flinke til å hjelpa kvarandre om det til dømes gjeld inhabilitet eller andre ting. Dette er det mogleg å leggja endå betre til rette for.

Både for bygdene som samfunn og for innbyggjarane der meiner Bjørke det er viktig å ha slike tilbod i rimeleg nærleik. Med rett organisering trur han det kan vera minst like effektivt som å leggja ned eksisterande tilbod og oppretta nye.

– Det finst fleire løysingar for å til eit godt rettssystem enn berre å slå saman, seier Nils T Bjørke.

Les også: Dekkjer 67 prosent av heile Telemark – nå kan alt bli samla i Skien

Les også: Føreslår å leggje ned Vest-Telemark tingrett – ordføraren varslar kamp

Les også: Advokat: – Rettshjelpstilbodet blir dårlegare