Rebekka Lauvdal
Rebekka Lauvdal

Sommargjesten: Rebekka Lauvdal

Alder:19 år

Kjem frå: Treungen

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjer: Sommarvikar på Nesbukti Pleie- og omsorgssenter i Seljord

 

Korleis er ein perfekt sommardag?

Sol, grilling og strand.

A- eller B-menneske?

Ingen av delane. Det er godt å kome seg opp og få noko ut av dagen, men andre dagar er det godt å ligge lenge.

Kven er den beste grillsjefen du kjenner?

Ikkje meg i alle fall, med mindre du likar brent mat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva vil du vise turistane i Vest-Telemark?

Det er mange fine plassar her i Vest-Telemark, men Jettegrytene er noko alle burde sjå.

Kva er ditt beste ferieminne?

Det må vere vekene me hadde med båten på sjøen då eg var litt mindre, og ikkje var så pinglete og opptatt av varmt badevann.

Er myggen glad i deg? 

Eg er i alle fall ikkje glad i den! Det finst vel ikkje noko meir innpåslitent og irriterande insekt enn mygg?

Kva må temperaturen i vatnet vera for at du skal hive deg uti? 

Det kjem litt an på kor varmt det er i lufta og kor desperat eg er på å kjøle meg ned, men i alle fall 20 pluss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva dialektord likar du best?

«Ikønn». Eg ler kvar gong eg tenkjer på eller høyrer det ordet.

Noko du gler deg til? 

Eg gler meg til kvardagen igjen, eg! Ferie er fint, men eg er nok litt rutinemenneske.

Kven vil du sende ei sommarhelsing til?

Bestemor og bestefar.

Gunvor Holm