Snøskredfaren er moderat i Vest-Telemark

Det melder NVE.

Laurdag vurderer Varsom.no farenivået i fjellområda i Vest-Telemark til 3, som vil seie betydeleg snøskredfare. Sundag søkk nivået til 2, altså moderat fare. 

Viss ein er på tur i fjellet denne helga, er det lurt å vera sikker på at ein kjenner faresignala. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Unngå leområde med fersk fokksnø. Unngå også område der snødekket over svakt lag er tynt, til dømes nær ryggar og på konvekse terrengformasjonar, skriv Varsom.no. 

Her har dei ei rekkje andre råd til deg som skal ferdast i fjellet:  

- Unngå terreng brattare enn 30 grader med fersk fokksnø, til den har fått stabilisert seg.

- Det er størst sjanse for å løyse ut skred på kul-formasjonar i terrenget og der fokksnøen er mjuk.

- Sjå etter område der vinden nyleg har lagt frå seg fokksnø, typisk bak rygger, i renneformasjonar og søkk.

- Lokale vindeffektar og skiftande vindretning kan gje stor variasjon i kvar fokksnøen legg seg. Snø som sprekk opp rundt skia eller brettet er eit typisk fareteikn.