Frå Fagdagane i bunad og folkedrakt på Fagernes. Her samlast dedikerte innan bunadtilverkarfaget kvar haust for fagleg påfyll.
Frå Fagdagane i bunad og folkedrakt på Fagernes. Her samlast dedikerte innan bunadtilverkarfaget kvar haust for fagleg påfyll.

Smekkfult på bunadskurs

Bunadsopplæringa er svært populær. Det går nå tre parallelle kursrekkjer i Rauland og på Fagernes.

– Me har lange ventelister. Då me i september bestemte oss for å køyre ei intensiv kursrekkje, var eg usikker på om me med såpass kort påmeldingsfrist fekk fylt opp. Oppstarten er alt nå måndag 13. november, og det er smekkefult, seier Linda Aaboen, studiekonsulent frå Studieforbundet kultur og tradisjon, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deltakarane på kurset som startar opp i Rauland måndag skal gjennomføre kurset på halvtanna år. Vanlegvis strekkjer kurset seg over tre år, med to samlingar i året. Denne har fire samlingar i året.

Bunadsopplæringa er eit samarbeid mellom Noregs husflidslag, Noregs ungdomslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursa er bygd opp kring kompetansemåla i læreplanen for bunadstilverkarfaget VG3 og kan inngå som del av vegen til sveinebrev.  

– Kursrekkje er open for alle som ynskjer å lære meir om bunadssaum, anten som grunnlag for fritidsinteresse eller næring. Det er ein fordel med grunnleggjande kunnskap om saum, seier Aaboen.