Adis Smajic skåra tre mål då Vinje nekta å gje seg i heimekampen mot Kjapp. (Arkiv
Adis Smajic skåra tre mål då Vinje nekta å gje seg i heimekampen mot Kjapp. (Arkiv

Smajic helten i dramatisk opphenting

«Bamsen frå Haukeli» – Adis Smajic – var heilt sentral då Vinje gjekk frå 0-3 til å berge eitt poeng heime mot Kjapp.

Vinje hang ikkje med i den fyrste omgangen på Åmot stadion laurdag. Gjestene leia 2-0 til halvtid. Og andre omgang starta ikkje noko betre. To minuttar var spela då Kjapp gjekk opp til 3-0. Men så vakna heimelaget, og spesielt Adis Smajic. Minuttet etter at Kjapp hadde skåra sitt tredje, reduserte Smajic til 1-3. Så blei det endå meir spennande: Tarjei Hyttedalen Kåsene var sist på ballen med 20 minuttar att å spela. Og med vel ti minuttar att på klokka utlikna Smajic til 3-3.

Dramaet på Åmot stadion var likevel langt frå over. Då ordinær tid var i ferd med å gå over i overtid var igjen gjestene frå Nordagutu føre i målprotokollen. Men Vinje skulle ha med seg poeng frå kampen. Etter forarbeid av Lars Ola Romtveit var han der igjen: Adis Smajic skåra sitt tredje for dagen i duell med keeper. Dermed enda kampen i Åmot 4-4.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Banens beste-prisen må i dag gå til bamsen frå Haukeli, Adis Smajic, melder A-laget sjølv på Facebook.

Vinje er nummer 7 i 5. divisjon. Sesongen blir avslutta med bortekamp mot Eidanger torsdag.