Brit Houge blir ny leiar i Nav Tinn.
Brit Houge blir ny leiar i Nav Tinn.

Sluttar som Tokke-rådmann

Brit Houge sluttar som rådmann i Tokke og byrjar i ny jobb i Nav Tinn til hausten.

Det melder Rune Lødøen, rådmann i Tinn, i ei pressemelding.

Houge har tidlegare jobba som personalsjef, organisasjonsutviklingssjef, personalkonsulent, lærar og ungdomsleiar. Ho er utdanna lærar, og har i tillegg utdanning innan økonomi, leiing og coaching.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når vi no har rekruttert  ny NAV-leder i Tinn har vi vore på jakt etter ein person som sjølvsagt  har ein relevant fagleg bakgrunn – men og ein med solid leiarerfaring. Ikkje minst fordi NAV med Sigrun Vågeng som ny nasjonal NAV-direktør har varsla endringar i NAV-organiseringa. I Tinn ønskjer vi difor ein leiar som kan ivareta vårt kontor i desse endringsprosessane. Eg er difor svært nøgd med å få Brit Houge som Tinns nye NAV-leiar. Ho er godt kjend i Tinn etter å ha budd her i fleire år og framleis har tilknyting til kommunen. Ho kjem frå ei rådmannsstilling og kjenner difor godt dette partnerskapet mellom stat og kommune. I tillegg har ho svært relevant fagleg bakgrunn for stillinga, seier Lødøen i pressemeldinga.