Skulebarn frå Tokke i Vinje

Ytring

I VTB fredag hadde ordføraren i Tokke eit lesarinnlegg om at Vinje kommune bryt ei avtale i høve til å la elevar frå Tokke gå i Vinje-skulen til rabatert pris. Eg ynskjer ikkje å ha ei polemikk i media om dei familiane dette gjeld, fordi det er barn som blir dei store taparane i denne saka. Eg meiner likevel framstillinga frå ordføraren i Tokke er så feilaktig at eg må svare.

Eit barn i skulealder skal få skuleteneste i den kommunen den bur. Det har ein kostnad for kommunen. Kostnaden pr. elev blir rapportert i Kostra. For Vinje kommune kostar ein skuleelev i 2016 kr. 167.000,-. Landssnittet viser ein kostnad pr. elev på kr. 107.000,-. I vår Kostra-gruppe er kostnaden kr. 134.000,-. Kommunane får pengar frå staten for å dekke denne kostnaden. Tokke kommune får rammetilskott frå staten på den kostnaden det er for kommunen å levere skuletenesten. Når eleven går i Vinje, er det då Vinje som har kostnaden med eleven, medan Tokke har inntekta i form av pengar frå staten for å gje eleven skulegang. Då vil det vere urimeleg om ikkje Tokke betalar den som leverer tenesten det det kostar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi veit kva det kostar. Kor mykje meiner Tokke det er rett å betale? Dette er ikkje ei unik problemstilling mellom Vinje og Tokke. Den gjeld mellom mange kommunar i Noreg. Derfor har KS (Kommunanes Interesseorganisasjon) utarbeidd ei standard for kva ein skal betale. Denne blir lagt til grunn rundt om i Noreg. I Telemark har skuleadministrasjonane lagt dette til grunn og kalla den for Telemarkavtala. Der heiter det at skal betale kr. 42.000,pr. år til grannekommunen som leverer skuleltenesten. Tokke-ordføraren vil berre betale kr. 20.000,-.

Ordførarane i Vest-Telemark drøfta denne saka, og ba rådmannsutvalet kome med framlegg til kva det skal koste i Vest-Telemark, slik at me får ei sams ordning. Rådmannsutvalet – alle dei 6 rådmennene i Vest-Telemark – kom med ei tilråding om at Vest-Telemark kommunane bør bruke Telemarkavtala. Etter det nekta ordføraren i Tokke for ei vidare drøfting i Vest-Telemark rådet for å sjå om me kunne finne ei semje. Tokke stansa saka.

Det er då ingen semje om modell frå Vest-Telemark-rådet, berre framlegget frå rådmennene. Det er også spørsmål om kva som er rimeleg. Bør Tokke som får frå staten pr. elev betale til Vinje det det kostar å gje eleven utdanning? Eller skal Vinje subsidiere Tokke? Kommunestyret i Vinje har vedteke å leggje Telemarkavtala til grunn.

Då det gjaldt avtale om legevakt ba ordføraren i Tokke om at den blei reforhandla fordi han ville ikkje at Tokke skulle betale meir enn det det kosta pr. brukar frå Tokke. Då er det lite konsekvent at ordføraren i Tokke no ikkje vil betale det det kostar for ein elev, men vil ha rabatt. Og at ein gamal praksis ikkje skal vere gjenstand for drøfting. Tokke-ordføraren må ta konsekvensen av sin eigen politikk.

Eg meiner at vedtaket frå kommunestyret i Vinje er prinsipielt heilt rett, og at det prinsipielt ikkje ligg føre grunnar som seier at Vinje skal subsidiere Tokke når vi veit Tokke får inntektene og Vinje får utgifta. Likevel er eg lei meg for at eg blei nedstemt i eige kommunestyret med mitt framlegg om ei overgangsordning for dei barna som allereie har begynt i barnehage og skule i Vinje og sysken av desse. Eg meiner barna skal gå framfor prinsipp.

Desse barna kan framleis gå å skule i Vinje, men det føresett no at Tokke betaler det det kostar ut frå Telemarks-avtala som rådmennene tilrådde blir brukt og som blir brukt som grunnlag elles i Noreg. I sum utgjer det for 6 skulebarn ei differanse på kr. 57.500,for Tokke for 2018, og kr. 123.000,for 2019. Eg vonar Tokke-politikarane tek ballen for eigne innbyggjarar.

Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje