Bodil Nordjore stadfestar at det opphavlege manuskriptet hadde ho skrive på nynorsk og også brukt dialektord frå Vest-Telemark.
Bodil Nordjore stadfestar at det opphavlege manuskriptet hadde ho skrive på nynorsk og også brukt dialektord frå Vest-Telemark.

Skuffa over fjellmatbok på bokmål

Ihuga nynorskfolk i Vest-Telemark blei vonbrotne då dei oppdaga at Bodil Nordjore si bok «Bodils fjellmat» er skriven på bokmål. Forfattaren seier ho i det opphavlege manuskriptet nytta nynorsk, men at forlaget i Oslo ville ha bokmål for å nå ut til fleire lesarar.

Sist veke lanserte Bodil Nordjore frå Byrte boka for om lag 170 interesserte på ein bygdekveld på Dalen Hotell. Ho baud også på brau, rjome, smør og knaost, slik at folk fekk ein smak av den lokale mattradisjonen i Vest-Telemark. Mange nytta høvet til å sikre seg eit signert eksemplar av «Bodils fjellmat».

Mange godord blei henne til del under lanseringa. Det var då folk kom heim og sette seg ned for å bla i boka, at fleire fekk seg ei språkleg overrasking.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg må seie at eg vart svært vonbroten då eg oppdaga at boka til Bodil var skriven på bokmål. Ho er sjølv den fyrste til å framheve kor viktig det er å halde på den lokale dialekten, og når ho snakkar held ho på den fine dialekten sin. Men når ho skal uttrykke seg på papir, så skjer det på det eg vil kalle ein byprega bokmålsmåte, seier Olav Felland som er leiar i Tokke Mållag.

Felland legg ikkje skjul på at han meiner Bodil Nordjore burde halde seg for god til å gje ut ei bok som så totalt i det skriftlege bryt med den språkforma ho elles nyttar.

– Eg tek dette som eit teikn på at det lokale likevel ikkje har så mykje å seie for henne, seier mållagsleiaren.

Hadde venta nynorsk

Kultursjef Arne T. Aabø i Tokke, som gjerne kallar seg måldyrkingsmann, seier han blei skuffa då han såg at boka ikkje var på nynorsk. Han hadde venta at Bodil Nordjore i si eiga bok hadde nytta den språkforma ho elles nyttar.

– Men ho er vel eit offer for marknadskreftene. Det er forlaga som rår, og eg er vel kjent med at dei større forlaga er skeptiske til å gje ut bøker på nynorsk. Dei hevdar at salet blir dårlegare i høve til om teksten står på nynorsk, fortel Arne T. Aabø.

– Kva seier du til å ha fått mållagsfolket på nakken, Bodil Nordjore?

– Eg syns det er flott med eit språkleg engasjement. Sjølv nyttar eg dialekten min alltid når eg snakkar og underviser. Det har noko med personlegdomen å gjere, og eg kjenner eg får eit meir frodig, spenstig og variert språk når eg nyttar så mykje som råd av dialekten. Men samstundes kan ein ikkje nytte alle dialektorda kvar som helst. Ein må ikkje gløyme at dei som høyrer på eller les, skal skjøne bodskapen, seier ho.

Bodil Nordjore stadfestar at ho i det opphavlege manuskriptet til boka «Bodils fjellmat» hadde nytta nynorsk. Fyrst vende ho seg til Samlaget, men dei meinte dei ikkje hadde fagleg kompetanse til denne type bok. Dermed blei det Damm Forlag som gav boka ut. Forfattaren seier dei har fylgt opp arbeidet med boka på ein framifrå måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundar med språkdrøftingar

– Etter minst 12 rundar i forlaget i høve språket, landa me på ei form for bokmål som ligg nær opp til dialekt. Mellom anna er det nytta ord som graut, fløyte og blaut. Språkvasken er gjort ein ein nynorsk-professor i Bergen, fortel ho.

Bodil Nordjore peiker på at ho har lage ei fjellmatbok for heile Noreg – ei nasjonal bok for alle fjellregionane.

– Det er viktig å ha ei nyansert forståing av når det er klokt å bruke klingande dialekt. I boka står alle mine personlege kommentarar på dialekt. Eg meiner det må vere viktigare at lesarane over heile landet skjøner oppskriftene enn at me står fram som språklege fanatikarar, seier Bodil Nordjore som fortel at den neste boka hennar om Telemark si matsoge vil kome ut i nynorsk språkdrakt.

Beste løysing

Forlagsredaktør Sigrun Trae i N. W. Damm Forlag seier at «Bodils fjellmat» er ei bok for heile landet, og ikkje berre for Øvre Telemark. Ho vedgår at det var drøftingar om kva språkdrakt boka skulle ha. Sidan boka skal seljast i heile landet trur Trae fleire ville kjent seg støytte om ein hadde nytta nynorsk.

– Bodil har eit flott språk, og det er nytta der me synst det var mogleg med omsyn til at lesarar over heile landet skulle skjøne teksten. Hadde me gitt ut boka i Bodil sin dialekt, hadde det skapt vanskar for alle som ikkje kjenner det lokale målet i Vest-Telemark, meiner forlagsredaktøren.

Sigrun Trae peiker på at ein har nytta eit bokmål med mange radikale former, og at der Bodil vender seg direkte til lesarane, er det nytta mange av dei dialektorda ho brukar. Ho legg til at for Damm er det vanleg å gjeve ut bøkene på bokmål.