3.375 flatbrød pakka i 75 pappesker er klare for transport til VM-arrangørane, i tillegg til varene matprodusenten sjølv skal servere. Thomas Bentsen, Inger Marie Bakås og Gunn Rita Versto er i mål til VM med eit halvt tonn braubakst.
3.375 flatbrød pakka i 75 pappesker er klare for transport til VM-arrangørane, i tillegg til varene matprodusenten sjølv skal servere. Thomas Bentsen, Inger Marie Bakås og Gunn Rita Versto er i mål til VM med eit halvt tonn braubakst.

Skreppa klar for VM

Lokalmatprodusentane i Morgedal har hektiske dagar. Dei er nett ferdige med eit halvt tonn braubakst. Nå blir meir brau, kling og tyttebærrjome produsert til svoltne og nyfikne VM-gjester i hovudstaden komande veke.

Midt oppi hektiske dagar på Smak-messa på Lillestrøm kom det ei ganske spesiell melding inn på telefonen til Inger Marie Bakås frå matprodusentane Skreppa i Morgedal.

– For fyrste gong deltok me førre veke på Smak med eigen stand som ein av 70 småskalaprodusentar. Tysdag kom det ei melding på mobiltelefonen min, medan eg tok i mot potensielle kundar frå heile landet som me ville vise produkta våre til. Meldinga var frå prosjektansvarleg for mat under VM-arrangementet, Kjetil Gundersen. Han ville stadfeste at ordren om brau hadde kome fram, seier Inger Marie, og skildrar augeblinken som ganske så spesiell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakås og dei andre tilsette i Skreppa AS var førbudd på at VM ynskte å bruke brauet deira, men storleiken på ordren var av ein litt anna dimensjon enn forventa …

Mangla 600 braupakker

– Me hadde 500 pakker på lager, kvar med 400 gram brau, og trudde dette ville halde. Men det var eit stykke frå det Gundersen ynskte seg. Han ville ha 450 kilo brau, nesten eit halvt tonn. Hjelp tenkte me og rekna ut at me måtte bake 600 pakker til, ler Bakås.

Ho fortel at Gundersen var ganske tydeleg på val av varetypen.

– «Det er eitt flatbrød som gjeld, og det er Skreppa sitt», uttala Kjetil til oss. Det er me sjølvsagt kjempeglade for, og ikkje minst stolte. For det er mange andre flatbrødprodusentar også på marknaden, seier Inger Marie.

Full fart

Sidan fleire av dei tilsette i Skreppa var opptekne på varemessa i Oslo fram til fredag, tok Inger Marie ein telefon heim til kollegaene.

– Då telefonen ringte og me fekk beskjed om ordren blei det fart på oss. Det blei kjempekjør, men det er bare moro, fortel Thomas Bentsen som førre veke produserte brau i lynfart saman med Olga Romanenko og Anne Haugerud.

– Mor mi, Ingebjørg Råmunddal, stilte opp som krisehjelp og då me kom heim frå Oslo blei det braubakst heile helga på oss også. Men me kom i mål. Brau-bestillinga til VM er pakka klar. 75 pappeskar som tilsvarar 3.375 brau skal serverast i Vip- og publikumstelt under verdsmeisterskapen, fortel Inger Marie.

Bare norsk VM-mat

Inger Marie og Gunn Rita Versto er godt nøgde med at det bare vil bli nytta norsk mat under verdsmeisterskapen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 70 kokkar skal i sving for å få på plass alle rettane til dei ulike serveringsstadane, fortel dei.

På menyen vil ein mellom anna finne norsk fiskegryte, elgburgarar, lammefrikase, omnsbaka laks, grove kjøttkaker, grønsakssuppe, reinsdyrskav og bifflapskaus. Som det vesle ekstra er flatbrød satt opp som tillegg til fleire av rettane, så Morgedals-brauet skal få bein å gå på.

Serverer i tri dagar

På Unviversistetsplassen og i Spikersuppa blir det sett opp telt som vil innehalde spennande smakar frå heile Noreg.

– Onsdag, torsdag og fredag er Skreppa på plass, og me lurar litt på korleis det blir. Me er fire stakkledde kvinnfolk som skal servere sveler, kling, brau og tyttebærrjome innanfor eit område på to gange ein meter. Det blir trongt, det er det ingen tvil om, smiler morgedølane som tar utfordringa med eit smil.

Tri dagar til ende vil dei servere VM-gjester heimebakst frå Morgedal.

– Det blir nok slitsamt med 13 timars opningstid, men me gler oss veldig, seier matprodusentane.

1,2 tonn svelerøre

Morgedølane er svært glade for erfaringar gjort med matservering på Dyrsku´n i Seljord.

– Med kunnskap henta frå hektiske dagar i Seljord har me berekna 1,2 tonn med svelerøre til teltserveringa i Oslo. Måndag produserer me røre nok til to dagar, så gjev me dei heime beskjed når dei skal kome med meir. Og eg trur faktisk me vil steike opp all røra, seier Inger Marie, og Gunn Rita nikkar samd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei ser fram til hektiske dagar og meiner VM-deltakinga ikkje bare er god reklame for eige produkt.

– Dette er super reklame for Morgedal og ikkje minst Telemark, smiler tri blide bakarar og held fram med produksjonen.

Telemarkingar serverer Moods of Norway gjester

Neste torsdag står 13 representantar frå Telemark, mellom anna Anne Birgit Sollid, Kristin Råmunddal og Erik Hesby Håtveit frå Morgedal og Bodil Nordjore frå Vinje klare for å servere dei 1.500 gjestene som deltek på etterfesten til dei norske designarane i Moods of Norway sin fest på Grand Hotel.

– Moods of Norway har lenge samarbeidd med Noregs bondelag. Når dei komande torsdag skal vise fram nye produkt på Universitetsplassen i hovudstaden stiller 13 representantar frå bondelaga og bygdekvinnelaga i Telemark opp, fortel organisasjonssjef i Telemark Bondelag, Amund Johnsrud.

– Me skal servere fingermat der mellom anna brau baka av Skreppa i Morgedal og andebryst frå Holte gås og and i Drangedal er representert. Alle telemarkingane vil bruk svarte t-skjorter med teksten «Kjærleik til norsk mat», og på ryggen er det ein stilisert telemarkskøyrar, fortel Johnsrud.

Han trur at festen vil vere ein flott plass for omdømmebygging.

– Eg trur det er ein god måte å vise fram mat frå Telemark og Noreg, og eg har stor tru på å vise fram og auke kunnskapen om bonden og produsenten bak matvarene, seier Johnsrud.