Knut Skrede Østevik, Andreas Skrede Østevik, Ola Mo, Eirik Løken, Andreas Johnsen og Johannes Skrede Østevik. (Privat foto)
Knut Skrede Østevik, Andreas Skrede Østevik, Ola Mo, Eirik Løken, Andreas Johnsen og Johannes Skrede Østevik. (Privat foto)

Set opp ekstraframsyning av «Ørmen»

– Responsen har vore enorm, det er kjempemoro, seier produsent av den nasjonalromantiske sjøormkomedien «Ørmen» som har premiere sundag.

Les saka under videoen

Seljordsgutane i filmselskapet Eekønn Productions annonserer at «Ørmen» kjem til Granvin sundag. Ein får håpe at det ikkje er sjølvaste sjøormen som dukkar opp til filmframsyninga og kulturkvelden gutane skipar til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange har i alle fall sikra seg billett til den store hendinga. Fyrste framsyning av kortfilmen blei tidleg utseld. Kvart av dei 205 kinoseta i storsalen blir fylt på fyrste framsyning, og det kan fort skje på den andre også.

– Interessa var så stor at me måtte setje opp ei ekstraframsyning. Bare etter eit par dagar gjekk billettane til den fyrste visninga, seier produsent Ola Mo.

Då VTB gjekk i trykken fredag var det att 49 ledige stolar til andre «bordsetjing». Og Mo er ikkje sikker på når andre enn sundagens kinogjester får sjå filmen.

Eekønn production kjem med kortfilmen «Ørmen».
Eekønn production kjem med kortfilmen «Ørmen».
Eekønn production kjem med kortfilmen «Ørmen». Eirik Løken med kamera og Ordfører Jon Svartdal. (Privat foto)
Eekønn production kjem med kortfilmen «Ørmen». Eirik Løken med kamera og Ordfører Jon Svartdal. (Privat foto)
Eirik Løken med kamera og lydmann Anders Johnsen med ryggen til. (Privat foto)
Eirik Løken med kamera og lydmann Anders Johnsen med ryggen til. (Privat foto)

– Me får sjå litt på det, fyrst må me få sundagens arrangement i hamn.

– Mange seier dei gler seg, og det er utruleg moro med lokalt engasjement når me lokale unge finn på nokon sprell, seier Mo.

Orm og Seljord

Alle som har vore med å produsert filmen har vakse opp i Seljord, nå er dei spreidd rundt om i landet.

– Me bur både her og der, ein også i England, seier Mo.

– Namnet på filmen er på dialekt, snakkar skodespelarane seljordsdialekt?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det er bare ordførar Jon Svartdal som snakkar seljording. Hadde det vore opp til meg burde alle snakka dialekt, meiner produsenten.

– Kva er ditt forhold til sjøormen i Seljordsvatnet, har du sett han?

– Nei, eg har ikkje sett ormen, seier Mo, som innrømmer at den ofte blir nemnt når han seier kvar han kjem frå.

– Om eg seier eg kjem frå Seljord får eg ofte høyre at – å, er ikkje det der dei har ein orm i vatnet. Folk assosierer sjøormen med Seljord, fortel Mo.

Fekk ein idé

Ola Mo fortel at han blei kontakta av Eirik Aanonsen Løken rett før jol i fjor og orientert om planane for eit nytt filmprosjekt.

– Han hadde nokre idear og hadde starta på eit manus då me møttest i Oslo på nyåret. Etter nokre månadar var manuset på plass, og me starta med å kontakte sponsorar for å finansiere prosjektet. Me jobba med prosjektet fram til sommaren, før det blei to intense veker med innspeling i heimbygda, fortel Mo.

Mykje arbeid

Ein film blir ikkje laga over natta, før «Ørmens» verdspremiere ligg det ei mengde arbeidstimar bak.

– Me er amatørar, men gjer vårt beste for at det skal oppfylle eigne krav til film. Det har vore enormt intenst, men ein lærerik prosess. Alle har jobba dugnad, og det har blitt ganske mange hundre timar, og me hadde ikkje kome i mål utan sosiale mediar, teknologi og trådlaust nett. Slik blir det når filmen blir klypt i Oslo og lyden lagt på i Liverpool, seier Mo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner det er vanskeleg å utrekne kor mykje produksjonen faktisk har kosta.

– Korleis er økonomien i prosjektet nå?

– Alt i alt, etter god sponsorstøtte, men og utgifter til leige av utstyr, har me hamna i minus. Men det vil me forhåpentlegvis rette seg på sundag. Då vil me også gje delar av overskotet frå billettinntektene til eit veldedig føremål. Kva det blir annonserar me ikkje før etter premieren sundag kveld, seier produsenten.

Fleire filmprosjekt

Mo kan også røpe at Eekønn productions er i gang med eit nytt filmprosjekt.

– Eit nytt manus er under arbeid, og går alt etter planen blir det innspeling til sommaren. Men fyrst må me få vist fram «Ørmen», seier han.

Sundag kveld blir det ikkje bare filmvisning. Filmskaparane skipar også til eit kulturprogram med Sigrid Aase med band, Ingrid Ytre Arne, lyrikk og andre krumspring. Dette blir veldig moro, lovar filmskaparane.

God hjelp

Mo seier at filmskaparane er takksame for mykje god hjelp, og nemner spesielt Hans Inge Hagen.

– Hagen har vore ein god støttespelar for oss. Han har mykje utstyr, og ikkje minst mykje kunnskap, som har spela ei viktig rolle for at prosjektet kom i hamn. Hagen er ein kjemperessurs å ha i bygda, meiner Mo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av musikk i filmen bidreg mellom anna spelemann Per Anders Buen Garnås med det filmprodusentane karakteriserer som god gamaldags sjøormmusikk.

– Eg trur alle i gruppa sit att med eit minne for resten av livet etter denne filmen, seier Mo og gler seg til premieren sundag.