Seljord personal. Attføringsbedrift i Seljord.
Seljord personal. Attføringsbedrift i Seljord.

Seljord Personal blir ein del av Idea på Notodden

Måndag blei det halde ekstraordinær generalforsamling i Seljord Personal AS. Der fekk styret mandat til å fusjonere selskapet med Idea Kompetanse på Notodden.

«Endra rammevilkår gjer det no krevjande å stå åleine framover. Vi er allereie underleverandør av ei rekkje tenester. Selskapet har over fleire år bygd opp eit sterkt fagmiljø for anbodsutsette tenester. Styret er difor oppteke av å stå best mogleg rusta til nye anbodsrundar. Saman med Idea Kompetanse AS blir Seljord Personal ein del av ein stor og offensiv aktør med gode resultat. Dei har òg synt evne til omstilling og tilpassing til dei endringar som vår bransje står overfor. Saman med Idea Kompetanse AS sikrar vi våre 9 tilsette eit sterkt fagmiljø, samt vidareutvikling av tenestetilbodet til innbyggjarane våre», står det i ei pressemelding som blei sendt ut frå Seljord Personal og Idea i går.

– Kva med å slå dykk saman med Kvito AS og Telemark Lys AS, dei to andre attføringsbedriftene?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har sett på moglegheitene for ein slik fusjon, og me har hatt mange samtaler med Kvito. Men me har etter ei samla vurdering kome fram til at Idea passar oss best. Me er også underleverandørar til dei i dag, seier Hilde Fjellheim, styreleiar i Seljord Personal AS, til VTB.

Tøffare tak

Ho peikar på at bedrifter som Seljord Personal frå 2015 møtte ein heilt annan kvardag enn tidlegare.

– Då blei bransjen – arbeids- og inkluderingsbedriftene – for alvor konkurranseutsett med tanke på at dei må konkurrere i anbodsrundane mot kommersielle leverandørar. To tredelar av anboda blei vunne av kommersielle leverandørar, seier Fjellheim.

– Me har jobba lenge med denne saka, og eg føler me blir særs godt rigga for framtida med denne fusjonen. Arbeidsplassane i Seljord blir sikra med lokal forankring. Fusjonen vil også sikre gode leveransar til Nav, som er største kunden vår, legg ho til.

Sidan det er utbytteforbud i denne type verksemder er oppkjøpssummen for Seljord Personal AS sett til 100.000 kroner, som er tilsvarande innskoten aksjekapital.