Henry og Britta viser fram flagget.
Henry og Britta viser fram flagget.

Sauma flagg av bleiene til sonen

Britta Loftsgarden (94) var snartenkt og kreativ natt til 8. mai 1945.

Innbyggjarar i Vå hadde greidd å gøyme unna radioar frå tyskarane under krigen. Då beskjeden om at krigen var over kom over eteren kvelden 7. mai 1945, var det tid for fest i den vesle fjellbygda.

– Me hadde høyrd litt forskjellig om at det snart skulle vere slutt, fortel Britta Loftsgarden. Ho minnest at det var fleire som eigde radioar rundt i bygda, sjølv om det ofte stod ein to-tre tyskarar og heldt vakt borte ved brua.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då beskjeden var klar visste Britta og svigerinna Inga Fehn at det mangla eit skikkeleg flagg i Vå, og dei tok saka i eigne hender.

– Me bruka mellom anna bleiene til sonen min Henry, som var to månadar på den tid, fortel Britta sjølv.

Sat heile natta

Her ser du innbyggjarane i Vå feire freden med det heimelaga bleieflagget på ei osperåte. Dette biletet blei teke av den einaste i bygda med fotoapparat.
Her ser du innbyggjarane i Vå feire freden med det heimelaga bleieflagget på ei osperåte. Dette biletet blei teke av den einaste i bygda med fotoapparat.
Ideen om bleieflagget dukka fort opp for Britta natt til 8. mai 1945.
Ideen om bleieflagget dukka fort opp for Britta natt til 8. mai 1945.

Ullbleiene og eit laken blei gjort om til eit gedigent flagg som kunne heisast på garden 8. mai. Heile natta sat dei og farga, strauk og sauma. Med garnfarge frå butikken i Vå gjorde dei tøyet både raudt og blått. Med fleire strykejern tørka dei delane, før dei til slutt sauma flagget saman. Resultatet blei over all forventing, og alt var klart for ein heidundrande fest i skulestoga.

– Neste dag reiste karane opp i skogen og henta ei osperåte som kunne vera flaggstong. Så flagga me då, ler Britta.

Og det var ikkje det einaste dei gjorde. Dei samla også saman rjome og smør frå alle gardane, og koka eit lass med graut i ystegryta. Den skulle alle få dele på nede i skulestoga.

– Me hadde ein stor fest der nede. Alle kosa seg, feira og åt graut. Og så hadde Anne Vå ei flaske med 60-prosent. Den fekk alle ein kork av, smiler ho lurt.

Heisast att i år

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei komande åra bruka dei bleie-flagget kvar 8. mai, men no er det ei stund sidan det har blitt heisa. Det skal endrast i år. Sundag heisast flagget utanfor omsorgssenteret på Rauland, der Britta no bur. Det gler ho seg til.

– Det blir moro å sjå det flagre att. Me skulle sjølvsagt ha heisa det i fjor, då det var 70-års-jubileum. Men så langt tenkte me ikkje, seier ho.

I stoga i omsorgsbustaden hennar sit ho og fortel historia saman med Henry og barnebarnet Jorunn. Dei er einige om at det er ei veldig artig historie.

– Du var jammen kreativ, besta, seier Jorunn.

I dag er det Henry sjølv som er stolt eigar av flagget.

– Eg fekk tilbake bleiene mine etter 70 år, og det var jammen på tide, ler han.