Solveig Muren Sanden frå Vrådal bidreg med sju troll-motiv på utstillinga som tar føre seg eldre og nyare arbeid frå eventyrverden.
Solveig Muren Sanden frå Vrådal bidreg med sju troll-motiv på utstillinga som tar føre seg eldre og nyare arbeid frå eventyrverden.

Samlar 80 troll i galleriet

Laurdag opnar Telemarksgalleriet sommarens trolske utstilling. Bilete frå Solveig Muren Sanden og Louis Moe blir stilt saman med Th. Kittelsen- og Werenskiold-motiv.

Vrådalskunstnaren Solveig Muren Sanden er ein av dei seksten kunstnarane som er med å pryde trolske veggar på Telemarksgalleriet denne sommaren. Laurdag opnar utstillinga med det urnorske temaet som inviterar gjester inn i galleriet fram til 24. juli.

Trolla har levd i forteljingane i århundrar og dei fascinerer framleis. Dei blir bruka som eit ledd i nasjonalbygginga og var med på å forme identitet. Utstillinga viser nye og gamle arbeid frå den norske eventyrverda. 80 bilete og figurar av troll vil syne alt frå kjempedigre vesen med tri hovud, troll med eitt auge og kanskje eit grantre på nasen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Solveig Muren Sanden bidreg med sju bilete på utstillinga, og det er også med elleve arbeid av kunstnaren Louis Moe.

Elles finn ein arbeid frå kunstnarane Th. Kittelsen, Erik Werenskiold, Alf Rolfsen, Per Krogh, Henrik Sørensen, Kaare Espolin Johnson, Hans Gerhard Sørensen, Kjell Aukrust, Bjarne Walle, Runaug Venås, Hans Normann Dahl, Kjell Midthun og Harald Nordberg.

Feleslått

Når utstilinga opnar dørene laurdag er det Knut Buen som held foredrag og svingar bogen. Småjondølene vil opptre med leik og dans for dei frammøtte.

Galleriet inviterer til foredragskveldar og Terje Nordby er fyrst ut sundag 8. mai med «Trollenes opprinnelse, vekst og fall». Onsdag 11. mai vil Nanna Løkka snakke om «Våre første troll – jotnene i norrøn mytologi» og Arne Bugge Amundsen vil snakke om «Religionsskifte og multikultur. Kristninga av Norge som tankekors».

Barnevenleg

Gallerileiar Inger Løken fortel at utstillinga er sett opp på ein barnevenleg måte sidan bileta er seinka ned på veggen.

– Me har også laga eit rom i rommet slik at barna kan kome saman og høyre om eventyr. Laurdag 14. mai vitjar Olav Sem galleriet og held to forestillingar for barn om eventyr. Sem er ein fantastisk formidlar, og kanskje tar han med seg eit trollkostyme også, seier Løken som håpar at vesttelane også nyttar høvet til å vitje dei 80 trolla på galleriet denne sommaren.

Ho fortel også at utstillinga primært ikkje er ei salsutstilling, men galleriet har fått fatt i to arbeid av Kjell Midhun og ti av Hans Dahl som er til sals.