Kulturminnevern og problemstillingar rundt freding av hus er tema på eit seminar i Vinje 26. og 27. september. (Illustrasjons
Kulturminnevern og problemstillingar rundt freding av hus er tema på eit seminar i Vinje 26. og 27. september. (Illustrasjons

Ressurs eller klamp om foten?

Det er undertittelen på eit seminar om freda kulturminne i Vinje til veka. I to dagar samlast fagfolk, eigarar av freda bygg og andre interesserte for å snakke om temaet.

Vest-Telemark og Tinn, Setesdal og Numedal er kjerneområde for dei eldste ikkje-kyrkjelege trehusa i landet. I Vest-Telemark finst det freda bygg i 136 tun.

– Det er interessant – og det forpliktar, seier Ellen Nordstoga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er ein av initiativtakarane til seminaret som blir halde på Vinjar fyrstkomande torsdag og fredag.

– Det som flest stader er freda, er bur og loft - «pynten» i tunet. Men det er ingen vits å frede pynten dersom resten forsvinn, seier Nordstoga.

Det er ei av problemstillingane som blir tatt opp på seminaret. Kva gjer ein med det faktum at gardeigarane ikkje har råd til å halde gamle hus dei ikkje brukar ved like, samtidig som bygningar forfell fortare når dei ikkje er i bruk?

Torsdag er dagen då nettopp bygningsvern og vern gjennom bruk blir tema. Tove E. Ihler frå Ressurssenteret for eldre landbruksbygningar vil snakke om eitt av Riksantikvarens utvalde verdiskapingsprosjekt – kva skal ein gjera med eldre driftsbygningar? Tittelen på innlegget er «Gamle hus i fare – freding einaste farbare veg?».

Trong for spesialistar

Eit anna tema som kjem opp torsdag er «næmingeordninga» – ei spesialistutdanning innan restaurering av eldre tømmerbygg.

– Me treng folk som er spesialistar. Det har blitt gjort så mykje gale innan restaurering, til dømes på dei store musea som Folkemuseet og Maihaugen, at det ikkje kan brukast som døme å lære av, seier Nordstoga.

Ni tømrarar er no nyutdanna spesialistar etter eit prosjekt i Oppland, Møre og Romsdal, Sørog Nord-Trøndelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slik kompetanse treng me sårt her i området også, understrekar Nordstoga.

Kulturminnevern

Fredag dreier tema meir over på overordna planar og kulturminnevern. Mellom anna skal Knut Aall, styreleiar i organisasjonen Fredet, halde eit innlegg med det spissformulerte namnet «Korleis fjerne eigaranes motivasjon for kulturminnevern?». Dagen før snakkar Arnt Magne Haugen frå Riksantikvaren om korleis ein kan tilpasse ein freda bustad til dagens krav.

– Me veit at dei som bur i freda bustader brått kan kjenne seg som leiglendingar i sitt eige hus. Ein må søkje om alt mogleg. Det kan bli tungt, seier Nordstoga.

Ho seier arrangørane er stolte av at Riksantikvaren sjølv, Jørn Holme, kjem til seminaret fredag. Då skal han snakke om «frå konflikt til konstruktiv samhandling», og deretter delta i ein debatt.

– Då kan han få vise korleis ein kan leggje til rette for samhandling, seier Nordstoga.

Arrangørar er Vinje kommune, Telemark fylkeskommune, Vest-Telemark museum, Riksantikvaren og Norsk kulturarv. Ordførar Arne Vinje er programleiar torsdag, og journalist Terje Svabø er program- og debattleiar fredag.