Vesla Hunemo på Tjønnefoss meiner folk i området må ha eit bra busstilbod slik det var før, og då får ein heller legge på billettprisen.
Vesla Hunemo på Tjønnefoss meiner folk i området må ha eit bra busstilbod slik det var før, og då får ein heller legge på billettprisen.

Reagerer på svekka busstilbod

Vesla Hunemo (82) på Tjønnefoss i Nissedal undrar seg over alt snakket om å køyre kollektivt, når det på same tid blir dårlegare busstilbod.

For to år sidan tenkte Vesla Hunemo at ho like godt kan selje bilen til eit barnebarn og heller køyre kollektivt.

– Då var eg fornøgd med kollektivtilbodet, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå sist nyttår kom det ei endring i busstilbodet som Hunemo ikkje blei glad for. Tidlegare kunne ho ta bussen til Åmli om morgonen og reise heim att etter tre timar, noko som passa fint i samband med gjeremål i nabokommunen. Nå må 82-åringen vere heile sju timar i Åmli, før det går buss tilbake.

– Det har blitt like problematisk med busstilbodet til Treungen for oss frå Tjønnefoss og Haugsjåsund som skal på butikken, kommunehuset, lege og anna, seier Hunemo.

Før kunne ho ta bussen frå Treungen og heim klokka 13.15, men nå er ruta to timar seinare. Det betyr totalt fem timar i Treungen på éin tur.

– Alt snakket om å køyre kollektivt ikkje på landet. Me må ha eit bra busstilbod, så får dei heller legge på prisen. Eg kritiserer ikkje, men synest det er bra om me kan ha nokon goder, seier Hunemo i etterlysinga si.

Ein drosjesjåfør køyrer flexirute som Hunemo kan nytte éin gong i veka til Treungen.

– Bare éin gong i veka – det er ikkje mykje, seier 82-åringen.

Eldrerådet reagerer

Nissedal eldreråd opplyser i eit brev til Telemark bilruter at dei har fått fleire innspel frå eldre som opplever at endringane i ruteoppsettet har slått negativt ut.

«Det er mange eldre som er friske og oppegåande, men som ikkje har sertifikat/bil. Busstilbodet som finst er derfor svært avgjerande for denne gruppa», meiner eldrerådet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det dei påpeikar er blitt eit mykje dårlegare tilbod er mellom anna rute til Nelaug stasjon som ikkje lenger korresponderer med togrutene, høve til å kome til og frå Treungen sentrum for dei som bur langs Rv41 og moglegheit for å kome til og frå Åmli sentrum for dei som bur sør i Nissedal kommune.

Rutene har få reisande

Telemark bilruter har sendt brevet frå Nissedal eldreråd vidare til Telemark fylkeskommune, då det er dei som god endringar i rutetilbodet, etter framlegg frå busselskapet.

«Endringa i Nissedal vart gjennomført av to årsaker. For det fyrste at ein måtte tilpasse rutene til rutetilbodet i Aust-Agder etter oppstart av nye kontraktar der 1. januar 2017. Og for det andre at rutene i Nissedal har få reisande, og Telemark fylkeskommune må syte for effektiv bruk av knappe ressursar», svarar fylkeskommunen eldrerådet.

Det blir vidare opplyst at etter grundig dialog med Agder kollektivtrafikk fekk fylkeskommunen på plass eit rutetilbod som alle partar (Telemark bilruter, fylkeskommunen og Agder kollektivtrafikk) vurdera er tilpassa etterspurnaden.

Elles blir det informert om at passasjertalet totalt i Nissedal for månadene januar til april i år auka med 6,5 prosent samanlikna med same perioden i 2016.